Info til søkarar

Dei to tidlegare skolane Fagerlia vgs og Ålesund vgs blei slått saman til éin skole gjeldande frå skolestart 2021. Skolen vil få eit nytt namn, men inntil vidare kallar vi skolen for Fagerlia-Ålesund videregående skole. 

Den nye skolen er den største i Møre og Romsdal og ein av dei største i landet, med rundt 1600 elevar skoleåret 2021-2022, fordelt på Fagerlia, Latinskolen og Volsdalsberga. 

Vi har desse utdanningsprogramma:

  • Helse og oppvekst (Fagerlia)
  • Idrettsfag (Latinskolen)
  • Informasjonsteknologi og medieproduksjon (Volsdalsberga)
  • Kunst, design og arkitektur (Fagerlia)
  • Medium og kommunikasjon (Volsdalsberga. Ikkje søkbart til skoleåret 2022-23)
  • Musikk, dans og drama (Fagerlia)
  • Naturbruk (Volsdalsberga)
  • Sal, service og reiseliv (Volsdalsberga)
  • Studiespesialisering (Fagerlia og Latinskolen)
    • Studiespesialisering - Ordinær (Fagerlia; Vg2 og Vg3 Fagerlia og Latinskolen) 
    • Studiespesialisering - Internasjonal (Fagerlia)
    • Studiespesialisering - Forskar (Fagerlia)
    • Studiespesialisering - Toppidrett (Fagerlia)
  • Teknologi- og industrifag (Fagerlia)
  • Påbygging til generell studiekompetanse (Latinskolen og Fagerlia)

Les om dei ulike utdanningsprogramma her: http://fagerlia-alesund.mrfylke.no/utdanningstilbod

Viktig når du søker:

Alle tilboda finn du i https://www.vigo.no under Fagerlia-Ålesund vgs. Bak namnet vil det stå enten avdeling Fagerlia eller avdeling Ålesund, slik:

  • Fagerlia-Ålesund vgs, avdeling Fagerlia
  • Fagerlia-Ålesund vgs, avdeling Ålesund

Dersom det står Fagerlia veit du at tilbodet er lokalisert til Fagerlia. Dersom det står Ålesund ligg tilbodet enten på Latinskolen eller Volsdalsberga. 

Korleis søke:

Har du spørsmål til skolen, er det berre å ta kontakt.

 

Kontakt