Skolens historie

Fagerlia videregående skole og Ålesund videregående skole er slått saman til éin skole frå og med 01.08.21. Fortellinga om oss startar til ulike tidspunkt ved opprettingar og samanslåingar av ulike skolar i Ålesund, frå 1864 og fram til i dag. 

Litt forenkla kan vi seie at historia om Fagerlia-Ålesund videregående skole er historia til

  • Ålesund Gymnas
  • Ålesund handelsskole
  • Ålesund husmorskole
  • Ålesund maritime skole

Ålesund Gymnas

Aalesund Lærd og Realskole starta opp i Kirkegata (Latinskolen) i 1864. Skolen fekk namnet Ålesund Gymnas i 1869. Bygget brann ned i bybrannen i 1904, før nye Latinskolen i Øwregata stod klar i 1907. Bygget ned mot Kirkegata kom i 1923. 

Skolen fekk namnet Ålesund offentlige høyere allmennskole i 1935, før skolen igjen blei Ålesund Gymnas. På folkemunnet har skolebygget på Aspøya heilt til i dag vore kalla Latinskolen.

I 1973 flytta Ålesund Gymnas frå Latinskolen til nybygg i Fagerlia. I 1980 fekk skolen namnet Fagerlia videregående skole AF (allmennfag).

Ålesund handelsskole

Det har vore fleire handelsskolar i Ålesund, offentlege og private. 

Då Ålesund Gymnas flytta til Fagerlia i 1973 flytta Ålesund handelsgymnas og Ålesund handelsskole inn i Latinskolen på Aspøya. Skolen blei til Ålesund videregående skole, framleis Latinskolen på folkemunnet.

Ålesund maritime skole

Det starta allereie i 1907 med Navigasjosskole for fiskere, etterfulgt av Ålesund maskinistskole i 1916 og Ålesund sjømannsskole i 1918. Med Ålesund navigasjonsskole i 1923 blei skolane samla.

I 1974 blei Ålesund maritime skole etablert i nye lokaler på Volsdalsberga. 

Ålesund maritime skole blei slått saman med Ålesund videregående skole i 2006. Etter dette har Ålesund videregående skole hatt tilbod både på Latinskolen og på Volsdalsberga.

Ålesund husmorskole

Ålesund kommunale husmorskole starta i 1935. Skolen endra namn til Ålesund fagskole for husstell.

I 1977 flytta husmorskolen inn i nybygg på Fagerlia, og blei i 1979 til Fagerlia videregående skole HH, HF og estetiske fag.

Skolen fekk tilbod innan musikk og dans i 1992. Med Reform-94 fekk skolen utdanningsprogrammet musikk, dans og drama.

I 2001 blei dei to vidaregåande skolane vegg i vegg på Fagerlia slått saman til Fagerlia videregående skole.

Fagerlia-Ålesund videregående skole

I 2021 blei alle desse trådane samla, ved at Fagerlia videregående skole og Ålesund videregående blei slått saman. Det mellombelse namnet er Fagerlia-Ålesund videregående skole, inntil skolen i løpet av hausten 2021 får nytt namn.

Skoleåret 2021-2022 har den nye skolen tilbod både ved Latinskolen, Volsdalsberga og Fagerlia.