Ålesund videregående skole er ein stor og mangfaldig skole med rundt 1300 elevar. Vi tilbyr både studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram, og er byskolen i Ålesund. Du finn oss både i Fagerlia, Campus Ålesund og på Volsdalsberga.
Første skoledag er måndag 17. august, og vi gler oss til å ta imot deg!
Her finn du informasjon om oppstartstidspunkt og oppmøtestad for skolestart.
Lokal venteliste er for deg som ikkje har søkt skoleplass i hovudopptaket, eller ønskjer å gjere omval.
Dersom vi har ledig kapasitet etter at det ordinære inntaket er ferdig, kan vi opne for inntak frå skulen si lokale venteliste.