Koronainformasjon

Tilbake til grønt nivå 

Vi starta skoleåret på grønt nivå. Etter ein perioden frå 30.08 til 17.09 på gult er vi tilbake på grønt nivå.   

På grønt nivå blir skolekvardagen gjennomført tilnærma som normalt, og det er ikkje behov for organisering i kohortar. Det vil framleis vere behov for nokre smitteverntiltak:

  • Ingen sjuke skal møte på skolen, sjølv med milde symptom.
  • Det er viktig å halde avstand der det er mogleg.
  • Normalt reinhold og god handhygiene

Vi ser fram til eit trygt og godt skoleår alle måtar, og vi er glade for at elevar og tilsette ser ut til å kunne vere til stades på skolen tilnærma som normalt dette skoleåret.

Testing kan erstatte karantene

Fra 16. august 2021 kan testing erstatte smittekarantene. Dette gjeld for personar under 18 år og for elevar over 18 år.

Personar over 18 år (både lærarar, tilsette og elevar/studentar) kan få unntak frå kommunen.

Dersom ein person får påvist korona, kan elevar som er nærkontaktar teste seg i staden for å gå i karantene. Personar som den smitta bur saman med, eller andre tilsvarande nære kontaktar, må fortsatt gå i karantene.

Det er lokale helsemyndigheiter som har ansvar for organisering av testing og korleis det skal gjennomførast. Skolens personale skal ikkje gjennomføre testing.

LES OPPDATERT INFORMASJON FRÅ ÅLESUND KOMMUNE OM SJØLVTESTING HER.

LES OPPDATERT INFO OM SKOLENS RUTINAR FOR HURTIGTESTING HER.

Smittesporingsteamet i kommunen har framleis ansvaret for å spore smitte og varsle nærkontaktar. Les meir om testing og testmetodar.

Sjå trafikklysmodellen med beskriving av dei ulike nivåa for skole.

Elevar som må vere heime på grunn av sjukdom, karantene eller er i risikogruppe, har krav på å få opplæring heime. Dette gjeld også på grønt nivå. Les meir om når elevane har krav på opplæring heime

Unntak frå fråværsregelen ut september

Elevar som har fravær av helsegrunnar, skal sleppe å gå til fastlegen for å få dokumentert fråværet. Unntaket frå regelverket gjeld ut september 2021. Elevar under 18 år må likevel legge fram stadfesting frå ein forelder, mens myndige elevar kan legge fram eigenmelding.

Fravær av helsegrunnar omfattar alt helserelatert fråvær, blant anna sjukdom og skade, karantene eller isolasjon samt milde luftvegssymptom og sjukdomskjensle. 

Dersom eleven legg fram stadfesting frå ein forelder eller eigenmelding, skal fråværet:

  • ikkje førast som fravær på elevane sitt vitnemål og kompetansebevis
  • vere unnateke fråværsgrensa

Kontakt