Elevrådet er eit svært viktig organ for medverknad i skolen.
Ved Ålesund vgs er elevrådet organisert slik:
- Kvar klasse har sin tillitselev og vara.
- Kvar lokalitet (Fagerlia, Latinskolen, Volsdalsberga) har sitt elevrådsstyre og sin leiar etc.
- Representantar for dei tre elevråda utgjer eit overordna styre for elevrådet ved skolen.
- Ein elev er valt som elevrådsleiar for heile skolen.
Elevrådet ved Ålesund vgs har rektor som sin kontaktperson.
Alt du treng av informasjon om elevrådet som organ finn du her.