Eksamen som privatist

Ein privatist er ein som melder seg til eksamen utan å vere elev i faget på oppmeldingstidspunktet. Som privatist får ein ikkje standpunktkarakter i faget.

Påmelding

Ønsker du å ta eksamen som privatist må melde deg på i portalen VismaInSchool

Ver nøye med registrering av alle opplysningar. Korrekt e-postadresse og telefonnummer er nødvendig for å kunne få informasjon frå skolen.

Portalen er open i desse periodane:

  • Oppmelding våreksamen: 15. januar - 1. februar
  • Oppmelding hausteksamen: 1. september - 15. september

Det er viktig at du bruker rett fagkode, for fleire ulike fagkoder kan ha samme eller tilnærma samme nemning. 

Betalingsinformasjon og gjeldande prisar kjem fram i portalen.

Har du lest gjennom viktig informasjon om privatisteksamen, og har framleis spørsmål? Send ein e-post til: vgs.alesund.eksamen@mrfylke.no

Ålesund vgs låner ikkje ut læremiddel til privatistar, det er kandidaten sjølv som har ansvar for å skaffe seg bøker til faget dei skal ta eksamen i.

NB! Du er ikkje låst til å bruke den samme boka som blir brukt til undervisninga her, det finnast ofte bøker i frå fleire forlag som svarer til same læreplanen. 

 

Snarvegar

Kontakt