Eksamen som privatist

Ein privatist er ein som melder seg til eksamen utan å vere elev i faget på oppmeldingstidspunktet. Som privatist får ein ikkje standpunktkarakter i faget.

Påmelding

Ønsker du å ta eksamen som privatist må melde deg på i portalen VismaInSchool

Ver nøye med registrering av alle opplysningar. Korrekt e-postadresse og telefonnummer er nødvendig for å kunne få informasjon frå skolen.

Portalen er open i desse periodane:

  • Oppmelding våreksamen: 15. januar - 1. februar
  • Oppmelding hausteksamen: 1. september - 15. september

Det er viktig at du bruker rett fagkode, for fleire ulike fagkoder kan ha samme eller tilnærma samme nemning. 

Det er viktig at du set deg inn i dei ulike ordninane. Sjå "Oppmelding til privatist rettledning" nederst på denne sida.

Betalingsinformasjon og gjeldande prisar kjem fram i portalen.

Har du behov for særskild tilrettelegging så må du søke om dette innan 30.09 for hausteksamen og 15. februar for våreksamen. Sjå lenke under.

Kontakt