Viktig melding til elevar som skal starte på Maritime fag Vg2
Før oppstart av skoleåret bør du ha gyldig helseattest for sjøfolk frå godkjend sjømannslege og gyldig pass.
Avonova og Ålesund legesenter er to av fleire som kan brukast til dette.
I starten av skoleåret gjennomfører skolen eit grunnleggjande sikkerheitskurs med opplæring i sjøredning, brannsløkking og førstehjelp.
Som ein del av opplæringa blir elevar i maritime fag utplassert på skip i om lag 4 veker på dekk eller i maskin. Skolen organiserer dette i eit etablert samarbeid med ulike reiarlag.
Ferdigheitssertifikat “Sjøfolk med særlige sikringsplikter”
Når skolen har rapportert til Sjøfartsdirektoratet at eleven har bestått kurset, må eleven sjølv søkje om utstelse av sertifikat hos Sjøfartsdirektoratet. Ferdigheitssertifikatet blir utskrive elektronisk.
Teknologi- og industrifag finn du på lokasjon Fagerlia.