Melde avvik

Her finn du informasjon om kva som er rekna som avvik og korleis du går fram for å melde inn avvik i datasystemet Compilo.

Kva er eit avvik?

Avvik er brot på lover, reglar eller rutinar, og andre hendingar som ikkje blir rekna som ønskjeleg i skolekvardagen. Formålet med å melde avvik, er å lære av feil, unngå at det skjer på nytt og såleis førebyggje skadar og ulykker.

Avvik kan vere knytt til fysisk miljø som luftkvalitet, temperatur, lys, stråling, lyd, manglande vernetiltak eller verneutstyr, og arbeidsbelastning. Skadar, ulykker og nestenulykker skal alltid meldast.

Korleis melde inn eit avvik?

Elevar

Elevar melder om avvik digitalt i Møre og Romsdal fylkeskommune sin Elevportal. Logg deg på med FEIDE-bruker. 

Her kan elevar melde avvik

Foreldre og samarbeidspartnarar

Foreldre og samarbeidspartnarar melder om avvik på e-post til skolen. Gi ei så god skildring av hendinga som mogeleg utan å nemne personsensitive opplysningar. Få med avviksdato og tidspunkt. Ta gjerne med forslag om tiltak til forbetring.

Her kan foreldre og samarbeidspartnarar melde avvik

Kva skjer vidare?

Avviksmeldinga blir ført i postmottaket og deretter registrert i Compilo så snart som mogeleg. Den som er ansvarleg for handsaming av avvik, sender det vidare, eller tildeler tiltak som skal utførast for å lukke avviket. Ved melding om avvik som medfører store konsekvensar, blir rektor involvert.

Når du melder inn avvik, vil du få tilbakemelding om handsaminga av avviket på e-post.