Studiespesialisering internasjonal

Kvifor studiespesialisering internasjonal ved Ålesund vgs?

Dette er spesielt:

  • innsikt i internasjonale forhold, kultur og samfunn i andre land
  • utveksling
  • kunnskap om engelsk som kommunikasjonsspråk
  • fokus på berekraft 
     

Korleis er studiespesialisering internasjonal organisert?

Studiespesialisering internasjonal har fokus på berekraft og engelsk som kommunikasjonsspråk allereie frå vg1. Vi har både utveksling og gjenbesøk med eit nordeuropeisk land dette skoleåret. Utveksling gir uvurderlig innsikt i samfunn, kultur og språk, og inneber blant anna å bu hos ein familie i utlandet og sjølv vere vertsfamilie når vi får besøk. 

På vg2 vel du programfag som gir generell eller spesiell studiekompetanse. Vi jobbar prosjektbasert, drar på utveksling til eit sentraleuropeisk land og får gjenbesøk derifrå.

På Vg3 er elevane på hospitering i bedrifter eller organisasjoner med internasjonal aktivitet. Hospiteringa kan vere i Noreg eller i eit anna land.

Delar av opplæringa er på engelsk i nokre fag, og mykje av læringsarbeidet vil skje på alternative læringsarenaer. Vi samarbeider tett med internasjonale partnarar, Ålesund framtidslab, Ungt Entreprenørskap og lokalt og regionalt næringsliv. Vi har nokre felles aktivitetar på tvers av klassetrinna, og miljøet på internasjonal er kjend for å vere godt.

Vegen vidare?

Det som gjeld for studiespesialisering gjeld også for internasjonal. Du søker deg inn med eigen søkekode, og elevane går i same klasse alle tre åra. Du kan velje programfag innan realfag og språk, samfunnsfag og økonomi, og få både generell og spesiell studiekompetanse.

Om du vel internasjonal lærer du meir om verda, om deg sjølv og andre. Du får innsikt i ulike kulturar og internasjonale forhold, du blir tryggare i språk og du blir meir sjølvstendig. Dette gir deg mange fordelar i vidare studier og arbeid.  

 

Studieretning studiespesialisering internasjonal finn du på lokasjon Fagerlia.