Årets beste ungdomsbedrift

Heile 13 bedrifter frå Ålesund vgs deltok i årets Fylkesmesterskap for ungdomsbedrifter i regi av Ungt entreprenørskap.

Elevane frå ReBait UB jublar når dei tek imot prisen for beste ungdomsbedrift. Frå venstre: Anna-Linn Sandvik Rødseth, Hana Elbehiry Slinning, Natalie Sandvik, Johanne Eldøy, Sofie Ellingseter Bjørkevoll. Anna Dynak

Ålesund vgs stilte med heile 13 bedrifter i årets meisterskap. Ni av desse består av elevar frå studiespesialisering som tek entreprenørskap og bedriftsutvikling, medan fem består av elevar frå sal, service og reiseliv. Fire av bedriftene var nominerte til beste ungdomsbedrift. Alle gjorde ein fantastisk innsats på stand, og bedriftene våre vann fleire prisar:

  • Beste ungdomsbedrift, 1. plass: ReBait UB
  • Innovasjonsprisen, 1. plass: ReBait UB
  • Bærekraftprisen, 1 plass: ReBait UB, 2 plass: Normar UB, 2 plass: Nova UB
  • Beste standopplevelse, 2. plass: ReBait UB
  • Markeds- og kommunikasjonsprisen, 3. plass: Baksthjørnet UB
  • Beste team, 3. plass: ReBait UB
  • Beste yrkesfaglige bedrift,  3. plass: Nova UB
Elevar frå Nova UB på stand. Anna Dynak

Ein dag fylt med engasjement og innovasjon

Elevane har lagt ned ein imponerande innsats. Det siste skoleåret har dei jobba med idéutvikling, marknadsundersøkingar, produktutvikling, samarbeid og økonomi. Fylkesmeisterskapet var høgdepunktet der dei fekk vise fram eige arbeid og møte andre som har vore gjennom ei liknande reise. Under meisterskapet har ungdomsbedriftene deltatt på stand og pitcha ideane sine for publikum og jury frå arbeids- og næringsliv. 

ReBait UB frå Ålesund vgs gjekk av med seieren for fylkets beste ungdomsbedrift. Dei skal representere Møre og Romsdal under norgesmeisterskapet i Lillestrøm i april. Dit skal også bedrifter frå Molde og Rauma vgs.

Vi gratulerer elevane og rettar ein stor takk til alle involverte lærarar som har rettleia og stått på undervegs i prosessen.