Stipend du kan få når du går på vidaregåande
- Utstyrsstipend
- Bortebuarstipend
- Inntektsavhengig stipend
Utstyrsstipendet er eit stipend alle elevar med ungdomsrett har krav på, men du må sjølv søke om det. Utstyrsstipendet skal bidra til å dekke det du treng av utstyr på den linja du tek, som til dømes PC , gymsko eller verneutstyr til verkstad. Kor mykje du får, er avhengig av kva linje du tek.
Sjekk kor mykje du kan få i utstyrsstipend med kalkulatoren på lanekassen.no
Det finst også stipend for deg som ikkje kan bu heime, har lang reiseveg til skolen eller kjem frå ein familie med låg inntekt. Du må oppfylle bestemde vilkår for å få slike stipend.
Du søker om utstyrsstipend, bortebuarstipend og innteksavhengig stipend i same søknad.
Her kan du lese meir og søke om ulike lån og stipend frå Lånekassen
Stipend skal du ikkje betale tilbake
Stipend er pengar du får gratis, og skal ikkje betalast tilbake.
Unntaket er viss du får utbetalt meir stipend enn du har rett til. Då må du betale tilbake det du har fått for mykje. Det kan til dømes skje viss du sluttar midt i skoleåret.
Når får eg utbetalt pengane fra Lånekassen?
Utbetalingar skjer fortløpande frå og med første skoledag. Når skolen har meldt frå til Lånekassen at du som elev har møtt på skolen, utløyser det ei utbetaling så framt du har signert avtalen om støtte. Er du under 18 år, skal ein av foreldra eller ei verje signere avtalen. Dei signerer digitalt i tenesta foreldresignering på lanekassen.no med BankID. Elevar over 18 år signerer sjølv med BankID, eller på papir.
Søknadsfrist
Det er same frist for alle stipenda.
- 15. november for hele året eller bare høstsemesteret
- 15. mars for vårsemesteret