Informasjon for foreldre

God informasjonsflyt og eit godt samarbeid mellom skole og heim er viktig for å lukkast med oppdraget til skolen. Her finn du nyttige snarvegar og anna relevant informasjon for foreldre. 

Er du forelder til elev under 18 år? Då er det viktig at du registrerer deg på skolestartsida så snart eleven din har takka ja til skoleplass i vigo. 
Her kan du som føresett registrere deg.

Informasjonsmøte

Foreldre blir invitert til foreldremøte i august/september.
Kvar haust blir foreldre og elev på vg1 og vg2 invitert til møte med kontaktlærar. Det er kontaktlærar som kallar inn.

Vurderingsplan

Oversikt over eleven sine større vurderingssituasjonar finn du her i Vurderingsplan.

Tilgang til og bruk av Visma inSchool

Det å ha tilgang til Visma inSchool gir deg som forelder høve til å vere oppdatert når det gjeld både vurdering og fråvær. Du treng berre BankID.

Samarbeid mellom heim og skole

God kommunikasjon og godt samarbeid mellom heim og skole bidreg positivt til elevane si læring og utvikling. 

Har du faglege eller sosiale spørsmål om skolekvardagen: Vend deg alltid til kontaktlærar først. Ha ein låg terskel for å ta kontakt.

Les om samarbeid mellom heimen og skolen her

Her kan du lese brev til foreldre frå kompetansesjef Kariann D. Flovikholm

Samarbeid heim og skole etter fylte 18 år

Når eleven har fylt 18 år, har skolen teieplikt og foreldre har ikkje lenger tilgang til informasjon om eleven i VIS. I mange tilfelle vil det vere til elevens beste at skolen samarbeider med foreldre også etter at eleven er blitt myndig. For å gjere det, må eleven fylle ut samtykkeskjema. 

Eleven må deretter gje tilgang til kontaktpersonen sin i Visma InSchool fra "Min profil"  og “Kontaktpersontilgang”. Eleven kan endre og blokkere tilgangar som han eller ho vil.

Samtykkeskjema

Elevar, foreldre og omsorgspersonar kan logge seg inn på dette skjemaet for å gi samtykke til tilgang til VIS. Skjemaet kan også brukast dersom eleven ønskjer å trekke tilbake samtykket. 
 

  • Elev under 18 år brukar skjemaet kun viss det skal gis samtykke til tilgang for andre omsorgspersonar enn foreldre.
    Andre omsorgspersonar må fylle ut skjema for å gi samtykke til at vi registrerer deira personalia.
    Foreldre til elevar under 18 år får automatisk tilgang fra Folkeregisteret. Viss foreldre manglar tilgang må dei henvende seg til Folkeregisteret for å oppdatere sin foreldrestatus. 

 

  • Elev over 18 år brukar skjemaet for å gi samtykke til foreldre eller andre omsorgspersonar.
    Foreldre og andre omsorgspersonar må også fylle ut skjema for å gi samtykke til at vi registrerar deira personalia

 Her finn du samtykkeskjema for samarbeid heim-skole

Skoleutvalet

I skoleutvalet sit representantar for foreldre, elevar, samfunns- og næringsliv, samt tilsette og leiing. Les meir her.