Operasjon Dagsverk er ein årleg solidaritetsaksjon arrangert av, med og for ungdom. Gjennom årets prosjekt får ungdom i Sør-Afrika støtte i arbeidet for trygge skulemiljø og like moglegheiter til utdanning. Mange ungdommar der går på skular med dårlege bygningar og manglar grunnleggjande fasilitetar.
Gjennom Operasjon Dagsverk bidreg norske elevar til å styrkje ungdom sitt arbeid for retten til god utdanning og ei betre framtid.
Les meir om årets prosjekt på Operasjon Dagsverk sine nettsider.
Elevane kan skaffe seg jobb ved å utføre tenester for familie og naboar, eller spør om jobb i butikkar og bedrifter. Rettleiande minstepris for ein arbeidsdag er 450 kr pr elev.
Arbeidsgivar betaler inn beløpet på betale.od.no ved hjelp av Vipps, kort eller faktura.
Det er frivillig å delta på innsamlingsaksjonen. Elevar som ikkje ønskjer å arbeide på OD-dagen, skal møte på skolen kl. 08:15 i aulaen på Fagerlia. Dei vil då delta på aktivitetar som blir leia av skolen sin OD-komité.
Har du jobb til elevane?
Har du som føresett, eller representerer du ei bedrift som kan tilby arbeid til ein elev på OD-dagen? Då kan du registrere jobben gjennom Operasjon Dagsverk si løysing for arbeidsgivarar.
Registrer jobbtilbod her.