Musikklinjekonsert 28. oktober 2026

Velkomen til ein stemningsfull haustkonsert med musikklinja ved Ålesund vgs!

Andre- og tredjeklasse musikk ved Ålesund vgs slår seg saman og inviterer til haustkonsert i Parken Kulturhus. Publikum får oppleve eit variert program med eit breitt spekter av sjangrar og ensemble. Frå små og vare musikalske uttrykk til energiske framføringar med funk, blåserekkjer og fullt trøkk på scena. Her får elevane vise fram både breidda og kvaliteten i musikklinja sitt arbeid.

Konserten viser mangfaldet, spelegleda og talentet som finst på musikklinja, og byr på noko for alle som er glad i levande musikk. Dette er ei oppleving du ikkje vil gå glipp av!

Tid: 28. oktober 2026 kl. 18:00 – 20:00
Stad: Hovudscena, Parken Kulturhus
Billettar: kjøp billett her

Sjå meir informasjon på Parken Kulturhus sine heimesider.

Ta med familie og vener og bli med på ein inspirerande musikkveld med unge talent frå Ålesund vgs.