Lokal venteliste for skoleplass utanom ordinært inntak

Lokal venteliste er for deg som ikkje har søkt skoleplass i hovudopptaket, eller ønskjer å gjere omval. 

Søker du om å stå på lokal venteliste, får du ikkje svar fra skolen før etter skolestart.

Slik går du fram

For å stå på venteliste hos oss må du fylle ut og sende inn skjema under.  

Du brurkar skjema for studieførebuande utdanningsprogram for å søke:

  • Musikk, dans og drama
  • Kunst, design og arkitektur
  • Studiespesialiserande
  • Påbygg til generell studiekompetanse

Skjema for studieførebuande utdanningsprogram 

Du brukar skjema for yrkesfaglege utdanningsprogram for å søke eitt av våre yrkesfaglege utdanningsprogram:

Skjema for yrkesfaglege utdanningsprogram  

Svar på søknad

Vi byrjar å behandle lokale søknader etter at alle søkjarar med Vigo-prioritet har fått tilbod om plass. Dette skjer like etter skulestart i august.

Dersom du får tilbod om plass frå den lokale ventelista, kontaktar vi deg i perioden frå skulestart og fram til byrjinga av september.