Karrieredagen 30. september 2026

Møt Ålesund videregående skole på Karrieredagen!

Er du nysgjerrig på kva utdanningstilbod som finst ved Ålesund videregående skole? Då håpar vi du tek turen innom standen vår på Karrieredagen i Sparebanken Møre Arena tysdag 30. september, mellom kl. 09.00 og 19.00.

Ålesund videregående skole tilbyr mange ulike utdanningsvegar i eit inkluderande og engasjerande læringsmiljø. Hos oss får elevane utforske eigne interesser, utvikle kompetansen sin og førebu seg på vidare utdanning og arbeidsliv. 

Kvar dag arbeider vi for at elevane våre skal oppleve mangfald, meistring og moglegheiter – både på skulen og vidare i livet.

På Karrieredagen møter du elevar og tilsette som gjerne fortel om dei ulike utdanningsprogramma, skulekvardagen og dei mange moglegheitene som finst hos oss. Vi svarer gjerne på spørsmål og hjelper deg med å finne den utdanningsvegen som passar best for deg.

Velkomen innom standen vår!

Utforsk utdanningstilboda våre her