1T-matematikk for tiendeklassingar

Har du ein ungdomsskoleelev med stor interesse for matematikk? Ålesund vidaregående skole tilbyr 1T-matematikk til ungdomsskoleelevar som ønskjer større faglege utfordringar. Vi inviterer føresette og interesserte elevar til eit informasjonsmøte der vi presenterer tilbodet, undervisningsopplegget og kva elevane kan forvente gjennom skoleåret.

Tid: Tysdag 25.08.26 kl. 18.00–19.00

Stad: Ålesund videregående skole, lokalitet Fagerlia, auditoriet i B-bygget

Ålesund videregående skole, ved lokalitet Fagerlia, har no fleire års erfaring med 1T-matematikktilbodet for elevar i ungdomsskolen. Elevar med stort fagleg potensial i matematikk opplever ofte at det er svært meiningsfullt å utforske faget på ein annan måte enn med medelevane sine. Vi legg til rette for høgare tempo og varierte problemoppgåver der elevane får øve seg på å sjå samanhengar, prøve og feile, og utvikle god fagleg sjølvtillit saman med sterke rollemodellar innan realfag.

Læremiddel og verktøy som inngår, er mellom anna lærebok og eit eige tilpassa opplegg, undervisning på skolen, læringsvideoar tilpassa årets elevkull og digitale læremiddel.

Elevane får òg vere del av eit fagleg fellesskap med rollemodellar innan realfaga, noko som kan gi retning og motivasjon både akademisk og sosialt.

Undervisninga går føre seg ved lokalitet Fagerlia ved Ålesund vidaregåande skole kvar tysdag kl. 13.30–16.30 (med atterhald om at tidspunktet kan bli flytta 30 minutt, til kl. 14.00).

I tillegg kjem nokre fagdager på fredagar og moglegvis enkelte laurdagar gjennom skuleåret.

Velkomen!