Styringsdokument og handlingsplan

4 Skolens handlingsplan

Handlingsplanen til skolen består av utvalde utviklingsområde og strategiområde med mål for planperioden, samt overordna tiltak gjeldande for skoleåret. Tiltaka blir evaluert og fornya årleg. Denne utgåva er revidert og drøfta i OD-møtet 30. mai 2024, og vedtatt i leiarmøtet 11. juni 2024.

Utviklingsområde 1: Læringsmiljø

Utviklingsområde 1: Læringsmiljø
Strategiområde Mål
1. Fagleg og sosial inkludering1. Ingen elevar sluttar som følgje av manglande fagleg og sosial inkludering. 2. Alle tilsette er trygge på roller, ansvar og retningslinjer i elevansvaret. 3. Elevar med særskilde utfordringar blir inkludert i ordinære løp i den grad det er til elevens beste.
2. Vurderingspraksis (I samsvar med vurderingsforskrift)1. Alle pedagogisk tilsette er deltakande i den didaktiske dialogen om å utforske og utvikle vurderingspraksis som gir lærelyst. 2. Elevane får høve til å vise kompetansen sin på fleire og varierte måtar. 3. I undervegsvurderinga erfarer elevane at dei a. deltar i vurderinga av eige arbeid. b. forstår kva dei skal lære og kva som blir venta av dei. c. får vete kvar dei meistrar d. får rettleiing om korleis dei kan arbeide vidare for å auke kompetansen sin. 4. Elevar og lærarar utviklar kompetanse til å forhalde seg til, og bruke kunstig intelligens i lærings-arbeid og vurderingssituasjonar. 5. Elevane er godt trena i kritisk tenking og kjeldebruk.
3. Tverrfaglegheit og tverrfaglege tema1. Pedagogisk personale aukar kompetansen i å jobbe tverrfagleg. 2. Gjennom erfaring med å jobbe med tverrfaglege tema lærer elevane at kunnskap og ferdigheiter kan nyttast på tvers og i kjente og ukjente samanhengar. 3. I løpet av skolegangen på vgs deltar alle elevane i tverrfagleg arbeid med minst to av dei tre tverrfaglege tema i overordna del.

Utviklingsområde 2: Leiing og profesjonsutvikling

Utviklingsområde 2: Leiing og profesjonsutvikling
StrategiområdeMål
Profesjons-fellesskap (I stab og pedagogisk personale)1. Vi er ein lærande organisasjon. 2. Vi erfarer arbeidsglede, godt og effektivt samarbeid, klarheit i roller, leiarstøtte tett på, samt kultur for deling, utprøving og endring.
Leiing1. Vi er ein lærande organisasjon. 2. Vi erfarer arbeidsglede, godt og effektivt samarbeid, klarheit i roller, og samla sett kapasitet til å utøve relasjonsorientert, endrings-orientert og heilskapleg leiing.

 

Utviklingsområde 3: Kommunikasjon

Utviklingsområde 3: Kommunikasjon
StrategiområdeMål
Intern kommunikasjon1. Internkommunikasjonen er ein integrert del av skoleverksemda. 2. Korrekt og relevant informasjon blir gitt i rett tid, er lett tilgjengeleg, og lett å forstå.
Ekstern representasjon og kommunikasjon1. Vi bygger positivt omdømme og bidrar til regional utvikling gjennom samarbeid og profesjonell kommunikasjon med ulike interessentar. 2. Aktivitetar ved skolen med interesse eksternt er synleg i ulike medium, med hyppige oppdateringar.

 

Utviklingsområde 4: Organisasjonsutvikling

Utviklingsområde 4: Organisasjonsutvikling
StrategiområdeMål
Organisasjons-identitetVi veit kven vi er og kor vi skal som organisasjon.
Organisatoriske endringarVi har kapasitet til å forvalte ansvarsområda og å utvikle skolen.