Styringsdokument og handlingsplan

3 Overordna mål

Effektmål

Effektmåla for Ålesund vgs:

  1. Ålesund vgs er ein attraktiv og relevant skole med eit stort mangfald av elevar innan eit breitt spekter av utdanningstilbod.
  2. Elevar og tilsette opplever tilhøyrsle, trivsel og meistring i læringsmiljø og arbeidsmiljø. Elevens gjennomføringsgrad er på topp nasjonalt nivå.
  3. Skolen er ein lærande og forskingsbasert organisasjon, fagleg og digitalt leiande, med sterke og innovative fagmiljø. Samarbeid og medverknad pregar alle nivå i organisasjonen.
  4. Elevens læring er kjenneteikna av relevans, engasjement og utforsking, i nært samarbeid med regionalt arbeids-, nærings- og kulturliv. 
  5. Skolen er ein tydeleg regional utviklar, og leverer relevant kompetanse for regionalt arbeidsliv og høgare utdanning. Skolen er ein aktiv del av Campus Ålesund, med nære band til NTNU og Fagskolen i Møre og Romsdal.

Overordna mål 2023-2026

Dei overordna måla for planperioden er målbare resultatmål:

  1. Fleire primærsøkjarar enn elevplassar ved alle tilbod. 
  2. Høg grad av elevgjennomføring. (Over 92 %) 
  3. Høg grad av relevans, elevmedverknad og meistring i opplæringa. (Grønt nivå)
  4. Høg grad av trivsel, tilhøyrsle, tillit og samarbeid i alle delar av organisasjonen. (Grønt nivå)


Resultat blir målt gjennom Elevundersøkelsen (årleg) og arbeidsmiljøundersøkinga MTM (jf. mål 4, kvart tredje år).

Vi bygger lag

Dette er det interne mottoet vårt for utviklingsarbeidet i handlingsplanperioden. Vi bygger lag rundt elevane, vi bygger lag rundt alle tilsette, og vi bygger lag rundt leiarane. 

Bilete av ein modell som visar laget rundt eleven