Styringsdokument og handlingsplan

Utviklingsarbeidet ved skolen bygger på nasjonale og fylkeskommunale føringar, og på den lokale konteksten med visjonen og ambisjonane til Ålesund vgs. Resultatmål og skolens handlingsplan gjeld for skoleåret 2026-2027.

Handlingsplanen til skolen består av utvalde utviklingsområde og strategiområde med mål og tiltak for planperioden. Handlingsplanen er drøfta i OD-møtet og vedtatt i leiarmøtet 11.08.26.

Styringsdokument  

Handlingsplanen bygger på desse styringsdokumenta:  

  • Visjon og verdigrunnlag
  • Ambisjonar 2026-2036  
  • Oppdragsavtalen 2025-2027 Lenkje  
  • Organisasjonsstrategien 2020-2032 Lenkje
  • Fylkesplan Lenkje med delstrategiar for kompetanseområdet Lenkje Lenkje
  • Læreplanverket med Overordna del og Kunnskapsløftet 2020 Lenkje  
  • Opplæringslova Lenkje og Opplæringsforskrifta Lenkje  
     

Visjon og verdigrunnlag

Visjonen til skolen:

Mangfald, meistring og moglegheiter - saman utviklar vi kompetanse for framtida.

Ålesund vgs har eit stort mangfald av utdanningsprogram, elevar og tilsette, og vi skal vere ein skole der alle erfarer fagleg og sosial inkludering, meistring og moglegheiter på skolen og i livet.  

Verdigrunnlag: 

Møre og Romsdal fylkeskommune er ein lærande organisasjon kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Verdigrunnlaget føreset at vi er opne ved å lytte, lære og dele, at vi er rause overfor kvarandre og opne for nye synsmåtar, at vi utvekslar kunnskap og samarbeider godt internt og med eksterne.

For å kunne vere opne, bygge gode relasjonar og tillit er vi avhengige av psykologisk tryggleik. Tillit er eit resultat av måtane vi arbeider og samhandlar på, og dei resultata vi oppnår.

Ambisjonar 2026-2036

  • Ålesund vgs er ein attraktiv og relevant skole med eit stort mangfald av elevar innan eit breitt spekter av utdanningstilbod.
  • Elevens læringsmiljø er kjenneteikna av inkludering, utforsking og meistring.  
    Gjennomføringa er på topp nasjonalt nivå.
  • Ålesund vgs er ein lærande organisasjon med sterke og innovative fagmiljø. Arbeidsmiljøet er kjenneteikna av tilhøyrsle og samarbeid.  
  • Ålesund vgs er ein aktiv del av Campus Ålesund, med nære band til NTNU, Fagskolen Møre og Romsdal og aktørane på NMK.
  • Ålesund vgs er ein regional utviklar, og leverer relevant kompetanse for arbeidsliv og høgare utdanning. 
     

Resultatmål 2026-2027

  • Auke i motivasjon, fagleg utfordring, støtte frå lærer og meistring. (Elevunders. des. 2026)
  • Fleire primærsøkjarar enn elevplassar ved alle tilbod. (Søkjartal mars 2027)  
  • Betre gjennomføring enn forventningsverdi. (August 2027)  

 

Skolens handlingsplan 2026-2027

Utviklingsområde 1: Læringsmiljø

Strategiområde: Læringsleiing

Mål:

  1. Vi styrkar profesjons-fellesskapet ved å utvikle kompetanse i læringsleiing, med tydeleg fokus på kva som gir best læring for elevane.  
  2. Vi skaper og vidareutviklar læringsarenaer der vi aktivt deler erfaringar, prøver ut ny praksis og lærer av kvarandre som kollegaer.

Felles tiltak:

Felles pedagogisk praksis 

I løpet av skoleåret 2026-2027 bruker alle pedagogiske tilsette ressursheftet om «den gode økta», klasseleiing og sentrale pedagogiske og didaktiske grep i eigen undervisningspraksis. Ressursheftet er tema på minimum to avdelingsmøte i løpet av skoleåret, og alle fagseksjonar bidrar med innspel til vidareutvikling av innhaldet.

Årshjul for pedagogisk utviklingsarbeid 

Alle pedagogisk tilsette følgjer aktivitetane i årshjulet for pedagogisk utviklingsarbeid, der planlagde tiltak og aktivitetar skal vere gjennomførte innan fastsette fristar.

Individuelle utviklingsområde 

Innan 1. oktober 2026 har kvar pedagogisk tilsett (individuelt eller team) inngått ein utviklingsavtale med nærmaste leiar om eitt konkret utviklingsmål innan læringsleiing. Måloppnåing følgjast opp i utviklingssamtale.  

Deltaking i team 

Alle pedagogisk tilsette deltar aktivt i minst eitt fagteam gjennom skoleåret 2026-2027. Teama jobbar med å realisere mål og tiltak i skolens handlingsplan, og dokumenterer framdrift og resultat gjennom statusrapportar for kvart halvår.

Utviklingsområde 2: Organisasjonsutvikling

Strategiområde: Læring og utvikling

Mål:

Resultata på dimensjonen læring og utvikling i MTM-undersøkinga våren 2027 ligg innanfor normal-området, understøtta av systematisk erfarings- og kunnskapsdeling i kollegiet.

Tiltak:

Interne handlingsplanar med dels avdelingsvise tiltak.

Strategiområde: Rolleforventning

Mål:

Vi opplever tydelege roller, ansvar og forventningar i organisasjonen, noko som kjem til uttrykk gjennom resultat innanfor eller over normalområdet på rolleforventning i MTM-undersøkinga våren 2027. 

Tiltak:

Interne handlingsplanar med dels avdelingsvise tiltak.