Velkommen til skolestart 23. august
Ved nye Fagerlia-Ålesund vgs er vi klare til å ta imot 1600 elevar måndag 23. august. Her er oppmøtetidene for dei tre lokalitetane våre Fagerlia, Volsdalsberga og Latinskolen.
Oppmøte Fagerlia
Her blir det først ei kort samling i Fagerlihallen med rektor Ole Reinlund og avdelingsleiarane, før du blir med kontaktlærar til eit klasserom.
- Vg1: Kl. 09.00
- Vg2: Kl. 10.30
- Vg3/4: Kl. 12.00
Oppmøte Latinskolen
Du blir møtt i skoleplana av tilsette som viser deg vegen. Det blir først ei kort samling i auditoriet saman med studierektor Kathrine W Sæther og avdelingsleiarane Eva Knutsen og Kjell Røsvik før kontaktlærar tar deg med til klasserommet.
- Vg1: Kl. 09.00
- Vg2/3: Kl. 10.30
Oppmøte Volsdalsberga
På Volsdalsberga møter du i første etasje i høgblokka, med inngang frå hjørnet. Først blir det ei kort samling i auditoriet med studierektor Sissel Standal og avdelingsleiarane Cecilie Bjørkavåg og Sissel Istad Hide, før du blir med kontaktlæraren din til eit klasserom.
- Vg1: Kl. 09.00
- Vg2/3: Kl. 10.30
Første skoledag vil normalt gå fram til kl. 13.00 for Vg1, 14.00 for Vg2 og 14.55 for Vg3. Dette gjeld for alle lokalitetane.
Vi ser veldig fram til både å ta imot nye elevar, og sjå igjen elevar som har gått hos oss tidlegare!
Velkommen!