Slik startar vi det nye året
Velkommne til 2022, alle elevar, føresette, tilsette og partnarar! Vi har eit sterkt ønske om eit trygt og godt år med mykje normalitet, fine fellesskap og spennande draumar for framtida. Slik startar vi det nye året.
Vi startar på raudt nivå
Vi startar skoleåret på raudt nivå, som eit nasjonalt koronatiltak for dei vidaregåande skolane. Kor lenge dette vil vare veit vi meir om innan midten av januar.
Raudt nivå betyr ikkje stengd skole, men at vi må redusere talet på nærkontaktar. Det gjer vi mellom anna ved å legge opp til alternerande oppmøte, som betyr at ikkje alle møter på skolen samtidig.
Det er tilrådd at alle testar seg før fysisk oppmøte på skolen etter juleferien. Les info frå Ålesund kommune her. Kommunar kan ha ulik info om dette. Sjekk derfor kommunen din.
Skoleeigar Møre og Romsdal fylkeskommune har lagt ut ei eiga pressemelding om saka.
Dei to første skolevekene
Første skoledag er tysdag 4. januar, og den første veka blir det digital heimeskole for dei fleste. Dei elevane som skal møte fysisk på skolen heilt eller delvis vil få melding om dette.
Frå og med måndag 10. januar blir det meir fysisk oppmøte for alle. Ein plan for dette, kven som møter på skolen og kven som får digital heimeskole frå dag til dag, blir publisert innan fredag 7. januar.
Vi minner samtidig om at desse to første vekene av året avsluttar 1. termin. Elevane er oppmoda om å delta i planlagde vurderingssituasjonar og levere etterspurt arbeid, slik at lærar får best mogleg vurderingsgrunnlag.
Det viktige oppdraget
Vi minner til sist om at alt vi gjer i skolen skal setje elevens læring og livsmestring i sentrum. Vårt største ønske for det nye året er derfor at alle elevar har det bra på skolen, at alle kjenner seg inkludert både sosialt, kulturelt og fagleg. Då er det gode sjansar for å lukkast med både læring, gjennomføring og sjølve livet.