Russ og rus
Tysdag 21. november hadde Vg3-klassene besøk av kommuneoverlege i Ålesund, Alexander Wiig. Temaet for besøket var rusmiddelbruk i russetida og korleis dette kan påverke helsa og livskvaliteten. Han snakka til heile russekullet ved Ålesund vgs, først på Latinskolen og deretter på Fagerlia.
Wiig starta foredraget med å fortelje elevane om alkohol, og forklarte korleis alkohol påverkar kroppen og hjernen. Vg3-publikummet kom med engasjerte innspel på korleis promillen blir påverka av faktorar som kjønn, vekt og matinntak. Wiig understreka at det kan vere lurt å setje ei grense på førehand for seg sjølv dersom ein skal drikke alkohol, sjølv om sjølvdisiplinen kan forsvinne raskt når inntaket stig. Dette kan få alvorlege konsekvensar for den som drikk, i tillegg til at det også kan påverke dei rundt.
- Det er fort gjort at grensene for kva du vil gjere eller vere med på forsvinn når inntaket går over ei gitt mengde, sa Wiig.
Ulovlege rusmiddel
Wiig kom også inn på det ulovlege og farlege rusmiddelet kokain, som har blitt meir utbreidd i Noreg dei siste åra. Han fortalte om korleis kokain påverkar kroppen og hjernen, og korleis det kan føre til alvorlege helseproblem.
- Det kan føre til hjerneslag, psykiske reaksjonar, skader i hjartemuskelen og kosmetisk øydelagt nase, sa kommuneoverlegen medan han viste bilete til russen.
Han åtvara også mot at kokain ofte er blanda med andre stoff, som kan vere endå meir skadelege, som til dømes fentanyl, som er eit svært sterkt og dødeleg opioid.
Wiig avslutta foredraget sitt med ei oppmoding til russen om å ha det gøy i avgangsåret og i russetida, men at kvar enkelt må ta ansvar for å passe seg sjølv. Russetida skal vere ei fin tid, der ein feirar at ein er ferdig med vidaregåande skule, og har mange gode opplevingar. Men det er også ei tid der ein må vere varsam, og ikkje la rusmidla ta overhand.
- Det er berre du som kan bestemme for deg sjølv kor di grense går på bruk av rusmiddel, sa Wiig.