Realistisk problemløysing i stor internasjonal konflikt
Elevane i klasse 1ST3 (forskarlinja) og programfaget Politikk og menneskerettigheter fekk i oppdrag å løyse den kompliserte Iran-konflikta under fagdagen 28. januar. Det realistiske og samfunnsaktuelle rollespelet er utvikla av FN-sambandet.
Klassane har brukt timar i samfunnskunnskap og engelsk (1ST3) og programfag til å førebu seg til samlinga ved å lære om FN som organisasjon og kva funksjon FN har.
Mykje læring i realistisk konflikt
Elevane hadde også Teams-møte med Tor Arne Alseth frå FN-sambandet der dei fekk lære meir om sjølve konflikta mellom Iran og Israel og USA. På førehand hadde elevane fått tildelt land, som dei skulle representere. Dei hadde sett seg inn i standpunkt og alliansar, samt formulert opningstalar, som dei hadde på starten av dagen.
Utfordringa som låg på bordet var å løyse Iran-konflikta, der nedrusting av atomvåpen er sentralt. Lærarar og elevar melder om spennande og utfordrande læring. Dei dedikerte lærarane Aino Maria G. Tornes og Idunn Håvik Bjørkedal takkar FN-sambandet for veldig bra rettleiing gjennom dagen.
Korleis løyste dei konflikta?
Delegasjonen frå Ghana sende inn eit resolusjonsforslag der målet var at partane skulle møtast på midten og forplikte seg mellom anna til å nedruste atomlager og kompensere for sanksjonane som USA har sett inn mot Iran.
Resolusjonen fekk 11 stemmer for og 3 i mot, men vart ikkje vedtatt ettersom Kina la ned veto.