Første ungdomsbedrift på Helse- og oppvekstfag ved Ålesund vgs
For første gang er det etablert ungdomsbedrift på Helse- og oppvekstfag ved Ålesund vgs! Forretningsideen til Ei hjelpende hånd UB er å arrangere sosiale møtepunkt for ulike aldersgrupper i helse- og oppvekstsektoren.
Det var fin stemning i klasserommet då elevane i 1HO4 feira etableringa av ungdomsbedrifta Ei hjelpende hånd UB med bobler og snacks . Forretningsideen er klar, rollene er fordelte, og bedrifta er meldt inn til Brønnøysundregisteret. Dagleg leiar er Maria Elisabeth Iversen.
Målgruppa er både unge og eldre
Ungdomsbedrifta har tenkt både på dei eldre og dei yngre i samfunnet, og dei er i gong med å skreddarsy tenester utifrå aktuelle behov i samfunnet - altså brukarstyrt innovasjonsdesign. Det kan for eksempel bety å drifte kafé for eldre, og å lage til ulike arrangement for ungdom.
Feiring av oppstart
Elevane i ungdomsbedrifta hadde rigga til med god drikke og snacks for å markere at no var dei i gong. Frå Molde kom Lars Øyvind Baltzersen, dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap i fylket, for å vere med på markeringa.
Primus motor for å få ungdomsbedrifta i gong har vore kontaktlærar Mona Martinussen og avdelingsleiar Nancy Walderhaug. Rektor Ole Reinlund var også med på markeringa og var tydeleg glad og stolt over kva elevane på HO har starta opp.
Lang tradisjon med UB
Samtidig som ungdomsbedrifta Ei hjelpende hånd UB er pionerar på Helse- og oppvekstfag, går dei inn i ein lang tradisjon med ungdomsbedrift ved Ålesund vgs. I rundt 20 år har skolen hatt ungdomsbedrifter, dei fleste på det som no heiter Sal, service og reiseliv, på Studiespesialisering med entreprenørskap, og på Medium og kommunikasjon.
Ei hjelpende hånd UB har meldt seg på fylkesmessa for ungdomsbedrifter, og det blir spennande å sjå kva aktivitetar dei startar opp. Ungdomsbedrift er først og fremst ein veldig god måte å lære på, i tillegg til at det er kjekt å konkurrere. Fylkesmessa i år går av stabelen 16. mars på Norsk Maritimt Kompetansesenter i Ålesund.
Nora Støbakk Valkvæ og Live Sønderland i Ei hjelpende hånd UB.