Fagerlia vgs og Ålesund vgs er slått saman til éin skole
Frå 01.08.21 er Fagerlia videregående skole og Ålesund videregående skole slått saman til ein ny og stor skole. Den nye skolen har fått namnet Ålesund videregående skole. (Artikkelen er redigert)
Den nye skolen har rundt 1600 elevar og 250 tilsette fordelt på lokalitetane Fagerlia, Volsdalsberga og Latinskolen. Dermed er dette den største skolen i fylket.
Storstilt markering av den nye skolen
Den historiske hendinga blei markert i bankettsalen på Scandic Parken hotell 16. august, i samband med opninga av skoleåret.
I tillegg til alle tilsette deltok inviterte gjestar som kompetansesjef Kariann Flovikholm, ordførar Eva Vinje Aurdal, og viserektor ved NTNU Annik Magerhom Fet med fleire.
Kine Berild Norheim, tidlegare elev ved Latinskolen, no dagleg leiar i Nextdigital, med doktorgrad i innovasjonsleiing, utfordra salen på kva som skal til for å lukkast med nyskaping. Eit særs relevant spørsmål til to skolar som skal bygge ein ny organisasjon saman.
10 utdanningsprogram
Nye Ålesund vgs tilbyr dette skoleåret heile 10 av i alt 15 utdanningsprogram:
- Idrettsfag (Latinskolen)
- Helse og oppvekst (Fagerlia)
- Informasjonsteknologi og medieproduksjon (Volsdalsberga)
- Kunst, design og arkitektur (Fagerlia)
- Medium og kommunikasjon (Volsdalsberga)
- Musikk, dans og drama (Fagerlia)
- Naturbruk (Volsdalsberga)
- Sal, service og reiseliv (Volsdalsberga)
- Studiespesialisering (Vg1 på Fagerlia; Vg2 og Vg3 både på Fagerlia og Latinskolen)
- Teknologi og industrifag (Fagerlia) med maritime fag (FL) og transport og logistikk (VB)
Les meir om utdanningstilboda her.
Færre lokalitetar på sikt
Per i dag bruker skolen både Fagerlia, Latinskolen og Volsdalsberga. I tillegg er elevane på maritime fag (Vg2) på Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK2), og musikkelevane har delar av undervisninga på kulturskolen.
Det langsiktige målet er å samle alt eller det meste på lokaliteten Fagerlia. For å realisere dette vil det bli bli nødvendig med nybygg. Når dette kan skje er ikkje politisk vedtatt enda.
Idrettsfag til Spjelkavik i 2024
Det er derimot politisk vedtatt for fleire år sidan å flytte idrettsfag til Spjelkavik vgs. Idrettsfag med 150 elevar er i dag lokalisert på Latinskolen, pluss at dei bruker turnhallen og ei rekke med andre treningsanlegg i byen.
Flytting av idrettsfag vil ikkje skje før den planlagde hallen i Spjelkavik er på plass. Førebels er ikkje byggearbeidet starta opp, men planen per i dag er at hallen skal stå ferdig i 2024.