Ålesund videregående skole er vedtatt namn på den samanslåtte skolen
I eit ekstraordinært møte på Fagerlia 7. oktober vedtok politikarane i Utdannings- og kompetanseutvalet (UDK) at namnet på den nye skolen er Ålesund videregående skole.
Etter samanslåinga av Fagerlia vgs og Ålesund vgs, gjeldande frå 1. august, har den nye skolen brukt det mellombelse namnet Fagerlia-Ålesund vgs. No er det endelege namnet klart, etter at eit tydeleg fleirtal i UDK med ni mot to stemmer vedtok at namnet er Ålesund videregående skole.
Blomster og dans i black box
Politikarane i UDK fekk ein smak av det kreative livet på skolen under møtet på Fagerlia. Rundt eit blomsterdekorert bord inne i black box starta møtet med eit dansenummer av Vg3-elevane på danselinja, før rektor Ole Reinlund hadde ei orientering om skolen.
Reinlund var tydeleg både på dei høge ambisjonane ein har for den samanslåtte skolen, og utfordringane knytt til økonomi og kapasitet til å nå måla. Politikarane blei utfordra til å gjere kloke val framover, og prioritere skolen.
Politikarane fekk også ei omvising på skolen, og lunsj på biblioteket, før dei starta debatten om skolenamn.
Nynorsk eller bokmål?
Vedtaket om namnet Ålesund videregående skole er i tråd med tilrådinga frå namnekomiteen på skolen. Her har både leiarar, tilsetterepresentantar og elevar deltatt. UDK gav ros til komiteen for godt og grundig arbeid, med brei involvering.
Fleire av politikarane la stor vekt på at når dei først hadde bedt skolen om å setje ned ein komité, måtte dei legge stor vekt på kva komiteen hadde landa på. Komiteen var einstemmig i forslaget sitt.
Diskusjonen i utvalet handle mest om dei skulle gå for bokmålsforslaget videregående skole, eller på nynorsk vidaregåande skole, som fylkeskommunedirektøren hadde tilrådd.
Fylkeskommunedirektøren si tilråding var på bakgrunn av eit vedtak i fylkestinget 8.12.20, som seier at "Dei vidaregåande skulane skal bruke det språket som vertskommunen bruker". Ålesund kommune vedtok i desember 2020 nynorsk som målform.
Bakgrunnen for namnekomiteens val av bokmål, var at dette ville vere det mest samlande. Både Fagerlia vgs og Ålesund vgs brukte bokmål i skolenamnet. Fleire av politikarane argumenterte for at bokmål var eit naturleg val i dette skolenamnet, og at det ikkje er i konflikt med at nynorsk er administrasjonsspråket i kommunen.
Éin skole - tre lokalitetar
Den samanslåtte skolen har per i dag tilbod på tre lokalitetar, på Latinskolen, Volsdalsberga og Fagerlia. Heretter er alt Ålesund videregående skole. I tillegg bruker skolen ein fjerde lokalitet ved at maritime fag er på Norsk Maritimt Kompetansesenter.