Informasjon for foreldre

God informasjonsflyt og eit godt samarbeid mellom skole og heim er viktig for å lukkast med oppdraget til skolen. Her finn du nyttige snarvegar og anna relevant informasjon for foreldre. 

Er du forelder til elev under 18 år? Då er det viktig at du registrerer deg på skolestartsida så snart eleven din har takka ja til skoleplass i vigo. 
Her kan du som føresett registrere deg.

Velkommen som forelder til elev i vidaregåande

Her er en samleside med nyttig informasjon til deg som forelder.

Informasjonsmøte

Foreldre blir invitert til foreldremøte i august/september.
Kvar haust blir foreldre og elev på vg1 og vg2 invitert til møte med kontaktlærar. Det er kontaktlærar som kallar inn.

Vurderingsplan

I vurderingsplanen finn du oversikt over elevane sine større vurderingssituasjonar gjennom eit heilt skoleår. 

Her finn du vurderingsplanen til skolen.

Tilgang til og bruk av InSchool

Tilgang til InSchool gir deg som forelder høve til å vere oppdatert når det gjeld både vurdering og fråvær.  

Med status foreldre registrert i Folkeregisteret får du automatisk tilgang til InSchool når eleven er under 18 år. Foreldre loggar inn med ID-porten.

Innlogging til InSchool for foreldre.

Samarbeid mellom heim og skole

God kommunikasjon og godt samarbeid mellom heim og skole bidreg positivt til elevane si læring og utvikling. 

Har du faglege eller sosiale spørsmål om skolekvardagen: Vend deg alltid til kontaktlærar først. Ha ein låg terskel for å ta kontakt.

Her finn du oversikt over kven som er kontaktlærar for kvar klasse.

Samarbeid heim og skole etter fylte 18 år

Når eleven har fylt 18 år, har skolen teieplikt og foreldre har ikkje lenger tilgang til informasjon om eleven i InSchool. Ofte vil det vere til elevens beste at skolen samarbeider med foreldre også etter at eleven er blitt myndig. For å gjere det, må eleven og foreldre fylle ut samtykkeskjema. Eleven må deretter gje tilgang til InSchool fra "Min profil"  og “Kontaktpersontilgang”. 
Elev over 18 år kan endre og blokkere tilgangar som han eller ho vil.

Samtykkeskjema

Foreldre til elevar under 18 år skal ikkje fylle ut samtykkeskjema. Foreldre har automatisk tilgang. Manglar du tilgang må du vende seg til Folkeregisteret for å oppdatere foreldrestatusen din.

Elev under 18 år

  • Elev under 18 år brukar skjemaet berre viss det skal givast samtykke til tilgang for andre omsorgspersonar enn foreldre, til dømes fosterforeldre. Då må både eleven og omsorgspersonen fylle ut og sende inn skjema for å gi sitt samtykke til registrering av personalia.

Elev over 18 år

  • Elev over 18 år brukar samtykkeskjemaet for å gi tilgang for foreldre. Både elev og foreldre må fylle ut og sende inn skjema for å gi sitt samtykke til registrering av personalia. 

 Samtykkeskjema InSchool for samarbeid heim-skole

Elev kan og bruke skjemaet for å trekke tilbake samtykke som er gitt.

Les om samarbeid mellom heimen og skolen her

Skoleutvalet

I skoleutvalet sit representantar for foreldre, elevar, samfunns- og næringsliv, samt tilsette og leiing. 

Her kan du lese meir om skoleutvalet sitt arbeid i skolen.