Ålesund videregående skole

Det skjer på Ålesund vgs!

Det er full aktivitet i alle klasserom og verkstader, scener og øvingsrom, studio og praksislokale! Det er dette som er Ålesund vgs - eit stort mangfald av elevar og tilbod, mykje trivsel og mykje læring.  

 

Sjekk tilboda våre! Her er noko for dei fleste.

To elevar ved Informasjonsteknologi og medieproduksjon

Open kveld tysdag 20. januar

Vi inviterer elevar på 10. trinn med foreldre til open kveld tysdag 20. januar kl. 17.00 til 19.00. Det gjeld for begge lokalitetane våre, Volsdalsberga og Fagerlia. 

 

Vi ser fram til å møte deg, ta ein prat, svare på spørsmål og vise deg rundt på skolen vår. 

 

Velkommen!

Bilde av dei to lokalitetane våre

Foreldreseminar om robuste ungdomar 27. januar

Psykologspesialist Line Marie Warholm kjem til skolen for å delta på foreldreseminar 27. januar kl. 19.00. 

 

Temaet er: Livet er ikkje ein dans på roser – Korleis rustar vi ungdommane til å tole det livet har å by på? 

 

Seminaret er gratis, og invitasjonen gjeld alle foreldre til elevar ved Ålesund vgs. 

Bilde av Line Marie Warholm