Rusarbeid

I lenkene under finn du skolens og fylkeskommunens rusplan. Det er nyttig at både elevar, føresette og tilsette kjenner til korleis vi jobbar med rusrelatert tematikk.

Her finn du Ålesund vgs sin rusplan

Her finn du Møre og Romsdal fylkeskommune sin rusplan

Parenthood - støtte og fellesskap for foreldre

Skulen samarbeider med Korus, som tilbyr oppdatert kunnskap og rettleiing om førebygging, tidleg innsats og oppfølging innan rus og psykisk helse. Parenthood er eit tilbod for foreldre til ungdom med utfordringar, tidleg utforsking eller etablert rus. Gjennom foreldresamlingar får deltakarane kunnskap, høve til å dele erfaringar og støtte frå andre foreldre i same livssituasjon. Målet er å styrkje foreldrerolla og gi foreldre ein trygg møteplass for refleksjon, læring og fellesskap. Tilbodet er gratis.

Les meir om Parenthood tilbodet her

Artikkelliste