Godt læringsmiljø
Du går i same klasse gjennom tre år. Dette bidreg til eit trygt og godt læringsmiljø, fagleg og sosialt, noko elevundersøkingar over mange år har vist. På vg1 og vg2 er det studieturar og fleire tverrfaglege aktivitetar.

Forskarblikket
På forskarlinja har du ein time ekstra i veka med forskarfag på vg1 og vg2, og dessutan nokre fagdagar gjennom skuleåret. Forskarfaget er utan karakter og vurdering. Her gjennomfører vi eigne forskingsprosjekt og forskingsarbeid saman med NTNU. Slik får du verdifull praksis og innsikt, og ei solid fagleg plattform som du kan byggje vidare på.
På forskarlinja vil du dessutan merke forskarblikket i alle fellesfag. Det gir deg ein unik kompetanse.
Samla gir dette tilbodet eit solid fagleg grunnlag, og du blir godt førebudd på høgare utdanning.
Oversikt over valfrie programfag
Engelsk 1
Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1
Markedsføring og ledelse 1
Psykologi 1
Rettslære 1
Samfunnsøkonomi 1
Sosiologi og sosialantropologi
Økonomi og ledelse
Fysikk 1
Kjemi 1
Biologi 1
Informasjonsteknologi 1
Matematikk R1
Matematikk S1
Engelsk 2
Entreprenørskap og bedriftsutvikling 2
Markedsføring og ledelse 2
Politikk og menneskerettigheter
Psykologi 2
Rettslære 2
Samfunnsøkonomi 2
Sosialkunnskap
Økonomistyring
Breddeidrett 1 (gir ikke fordypning)
Fysikk 2
Kjemi 2
Biologi 2
Informasjonsteknologi 2
Matematikk R2
Matematikk S2
Studiespesialisering Forskarlinja finn du på lokasjon Fagerlia.