I dette utdanningsløpet får du trening og oppfølging som er relevant for deg og idretten din integrert i timeplanen din, samtidig som du vil kunne oppnå generell eller spesiell studiekompetanse.
Vi tilbyr:
Faga Toppidrett 1 og Treningsledelse 1.
Noko av det du lærer i desse faga, er å:
- gjennomføre systematisk og målretta trening
- utvikle og beskrive mentale førebuingar til trening og konkurranse
- forstå og forklare korleis auka treningsmengde og totalbelastning stiller krav til organisering, planlegging, restitusjon og ernæring
- organisere og leie aktivitetar med hensiktsmessig og variert bruk av øvingar og metodar
Trening i skoletida og oppfølging av våre lærarar eller andre trenarar.
Dette tilbodet er individuelt tilrettelagt ut frå idretten ein trenar, men det som uansett vil inngå, er:
- fokus på basistrening og oppfølging frå skolen
- oppfølging og dialog mellom deg, eigen trenar/klubb og faglærar
Organisering
Studieløpet er delt opp over fire år for å få frigjort nok tid til både skole og trening i det som for mange er ein hektisk skolekvardag. Vi gjer vårt beste for å tilrettelegge for at du skal lukkast både med idretten og skolegangen.
Studiespesialisering med toppidrett passar for deg som vil satse på idretten din samtidig som du får det breiaste grunnlaget for høgare utdanning i inn- og utland.
Studieretning studiespesialisering toppidrett finn du på lokasjon Fagerlia.