Studiespesialisering forskarlinje

På forskarlinja får du ekstra trening i å utforske, og du får delta i ulike forskingsprosjekt. Målet er at du skal få eit godt grunnlag for å forske vidare på universitet eller høgskole.

Det som gjeld for studiespesialisering gjeld også for forskarlinja. Du søker deg inn med eigen søkekode, og elevane går i same klasse alle tre åra.

Dette er spesielt for forskarlinja:

Ein forskar jobbar aktivt, grundig og systematisk for å finne ny kunnskap. På forskarlinja lærer du korleis angripe problemstillingar gjennom naturvitskapleg og samfunnsfagleg metode. 

Dei tverrfaglege tema berekraft og folkehelse og livsmeistring går som ein raud tråd gjennom forskarfaget, og på denne måten kan dei andre faga koblast på for tverrfaglege prosjekt. 

Forskarfaget bidrar dermed både til å styrke dei andre faga, samtidig som du tar med deg forskarperspektivet inn i dei andre faga. 

Vg1 

  • Éin prosjekttime fast kvar veke pluss to til tre fagdagar gjennom året. 
  • Bedriftsbesøk og samarbeid med andre samarbeidspartnarar på og utanfor skolen. 
  • Todagars ekskursjon til Oslo (Norges Bank og/eller Stortinget). 
  • Stort tverrfagleg prosjekt om bærekraft. 

 

Vg2 

  • Éin prosjekttime fast kvar veke pluss to til tre fagdagar gjennom året. 
  • Bedriftsbesøk og samarbeid med andre samarbeidspartnarar utanfor skolen på fagdagane. 
  • Tur til Trondheim på NTNU på Forskarnatt. 

 

Vg3 

  • Klassen kan søke om å reise på ekskursjon til utlandet. 

 

Alle trinn 

  • Fokus på overordna mål i læreplanen om berekraft og livsmestring og tverrfaglighet. 
  • Utforske korleis ei verksemd arbeider med FN sine bærekraftsmål gjennom bedriftsbesøk. 
  • Ekstra sterkt fokus på undring og utforsking i faga. 
  • Same valfridom av programfag som på studiespesialisering. 

 

Gjennom nært samarbeid med NTNU Ålesund,  Sparebanken Møre, Vard, Møreforskning og Framtidslaben med fleire, får elevane moglegheit til å utvikle ein brei og solid fagleg kompetanse og får førstehandskunnskap om næringslivet i regionen. 

Noko av undervisninga og utforskinga på fagdagar vil foregå utanfor skolen der samarbeidspartnarar og ekskursjonar er sentrale. 

Studietilbodet gir svært godt grunnlag for vidare studium ved høgskolar og universitet innan realfag, samfunnsfag, helsefag eller markedsførings- og økonomifag. 

Alt etter kva programområde og programfag du vel, kan du oppnå generell eller spesiell studiekompetanse.  Du kan velje programfag innan realfag og språk, samfunnsfag og økonomi.

Studieretning studiespesialisering forskarlinje finn du på lokasjon Fagerlia.