ITO - individuell tilrettelagt opplæring

ITO er eit tilbod for elevar med særskilde behov for tilrettelegging. Målet er personleg utvikling, livsmeistring og ferdigheiter for vaksenlivet.   

Tilrettelegging i forhold til behovet til eleven – kvar elev har den individuelle timeplanen sin etter måla og føresetnadene til eleven.

Spesialpedagogisk tilbod i mindre grupper. Gruppestorleiken varierer frå år til år ut frå elevsamansetning og behov og blir bemanna med lærarar, fagarbeidarar og assistentar med spesialpedagogisk kompetanse.

Spesialpedagogisk hjelp utover det som blir gitt i ordinære klassar.

Innhaldet i undervisninga

Innhaldet i undervisninga vil variere og tilpassast kvar enkelt elev. 

Det vert fokus på grunnleggjande ferdigheiter som lesing, skriving, munnlege ferdigheiter og digitale ferdigheiter. Vi legg også vekt på å utvikle eleven sine sosiale ferdigheiter for å kunne fungere i eit vidare samfunns- og arbeidsliv. Vi arbeidar også med arbeidstrening internt i skolen og ut mot eksterne bedrifter. Elevane har 30 timar undervisning per veke. 

For dei som treng det vert det arbeidde med alternativ supplerande kommunikasjon.

Det er svært varierande hjelpebehov og fagleg nivå, men tilbodet vil bli skreddarsydd innanfor rammene til skolen.

Vi jobbar med heile mennesket, både fagleg og sosialt. Det er eit mål for oss at eleven også skal utvikle potensialet sitt på det personlege planet i form av ferdigheiter som dei kan bruke i sitt vaksne liv.

Vi bruker elevbedrift som metode i undervisninga. Der får elevane jobbe praktisk og får innsikt i korleis ei bedrift fungerer.

Nokre av elevane våre har også arbeidspraksis som ein del av skolekvardagen sin. Dette kan også vere eit tilbod til elevar som treng å tette faglege hol eller få sosial trening før dei går over til ordinær opplæring.

Tilbod om PLUSS 13

Vi har også tilbod om PLUSS 13 gjennom Ålesund kommune. Dette tilbodet blir innvilga av Ålesund kommune til elevar som har behov for tilsyn før og etter undervisning.

Vår visjon

«Tryggleik, trivsel og meistring – fokus på den personlege utviklinga til den enkelte og ferdigheiter mot vaksenlivet»

Du finn ungdomsbedrifta Godt Laget på sosiale medium:

Facebook Godt Laget

Instragram Godt Laget