Styringsdokument og handlingsplan

2 Visjon og verdiar

Visjonen: Ein tydeleg medspelar

Det er fylkeskommunen sin visjon at vi som jobbar her og vi som organisasjon skal vere tydelege medspelarar. Dette handlar både om profesjonalitet, kommunikasjon og samhandling. 

Visjonen er ei referanseramme for korleis vi vil vere og bli oppfatta av andre og korleis vi skal bygge ein sterkare felles identitet. I dette ligg det at vi skal stå fram einskapleg som ein regional utviklar, god tenesteleverandør og arbeidsgivar.

Vi skal vere tydelege medspelarar på vegne av fellesskapet i regionen, utviklingsorienterte og profesjonelle i alt vi gjer.

Verdiane: Samarbeid og tillit

"Møre og Romsdal fylkeskommune er ein lærande organisasjon kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit." 

Verdigrunnlaget føreset at vi er opne ved å lytte, lære og dele, at vi er rause overfor kvarandre og opne for nye synsmåtar, at vi utvekslar kunnskap med andre og at vi involverer innbyggarar og samarbeidspartnarar i samband med vår oppgåveløysing.

Vi er avhengig av å oppnå psykologisk tryggleik for å kunne vere opne, bygge gode relasjonar og tillit. Tillit er eit resultat av måtane vi arbeider og samhandlar på, og dei resultata vi oppnår.