1. Fagleg og sosial inkludering | 1. Ingen elevar sluttar som følgje av manglande fagleg og sosial inkludering. 2. Alle tilsette er trygge på roller, ansvar og retningslinjer i elevansvaret. 3. Elevar med særskilde utfordringar blir inkludert i ordinære løp i den grad det er til elevens beste. |
2. Vurderingspraksis (I samsvar med vurderingsforskrift) | 1. Alle pedagogisk tilsette er deltakande i den didaktiske dialogen om å utforske og utvikle vurderingspraksis som gir lærelyst. 2. Elevane får høve til å vise kompetansen sin på fleire og varierte måtar. 3. I undervegsvurderinga erfarer elevane at dei a. deltar i vurderinga av eige arbeid. b. forstår kva dei skal lære og kva som blir venta av dei. c. får vete kvar dei meistrar d. får rettleiing om korleis dei kan arbeide vidare for å auke kompetansen sin. 4. Elevar og lærarar utviklar kompetanse til å forhalde seg til, og bruke kunstig intelligens i lærings-arbeid og vurderingssituasjonar. 5. Elevane er godt trena i kritisk tenking og kjeldebruk. |
3. Tverrfaglegheit og tverrfaglege tema | 1. Pedagogisk personale aukar kompetansen i å jobbe tverrfagleg. 2. Gjennom erfaring med å jobbe med tverrfaglege tema lærer elevane at kunnskap og ferdigheiter kan nyttast på tvers og i kjente og ukjente samanhengar. 3. I løpet av skolegangen på vgs deltar alle elevane i tverrfagleg arbeid med minst to av dei tre tverrfaglege tema i overordna del. |