Velkommen til Ålesund vgs

Ålesund vgs er ein kombinert studieførebuande og yrkesfagleg skole, med rundt 1300 elevar og eit stort mangfald av tilbod og elevar. 

Elevar ved skolebygg - Klikk for stort bileteElevar fra Ålesund videregående skole



 

Vi gjer kva vi kan for at alle skal lære så mykje dei kan. Derfor er vi også veldig opptatt av at alle skal trivast og vere inkludert. 

Det som du lærer skal vere relevant, og du skal få vere aktiv og utforskande i eiga læring. Då lærer du best.

Hos oss får du det du treng av grunnlag for arbeid eller vidare studium. Sjansen er stor for at du også får venner for livet her.

Velkomnen til Ålesund videregående skole! Vi er byskolen i Ålesund, lokalisert på Campus Ålesund og på Volsdalsberga. Her finn du oss. 

Vi har desse studieførebuande tilboda:

  • Studiespesialisering
  • Studiespesialisering - forskarlinja
  • Studiespesialisering - internasjonal
  • Studiespesialisering - toppidrett
  • Kunst, design og arkitektur
  • Musikk, dans og drama
  • Påbygging til generell studiekompetanse
     

Les meir om dei studieførebuande utdanningsprogramma her.

Vi har desse yrkesfaglege utdanningsprogramma:

  • Helse- og oppvekstfag
    • Vg2: Ambulansefag
    • Vg2: Barne- og ungdomsarbeidarfag
    • Vg2: Helsearbeidarfag
  • Informasjonsteknologi og medieproduksjon
    • Vg2: Informasjonsteknologi
    • V2: Medieproduksjon
  • Naturbruk
    • Vg2: Akvakultur
    • Vg2: Fiske og fangst
  • Teknologi- og industrifag
    • Vg2: Kjemiprosess- og laboratoriefag
    • Vg2: Maritime fag
  • Sal, service og reiseliv
    • Vg2: Sal og reiseliv
    • Vg2: Service, sikkerhet og administrasjon


Les meir om dei yrkesfaglege utdanningsprogramma her.