Digitalt skolebevis får du enkelt på mobilen med appen PocketID.
Gjennom avtale med PocketID gir skolen deg tilgang til ditt eige ID-kort på mobilen fra første skoledag. Du kan bruke PocketID som lånekort ved skolebiblioteket, identitetskort ved eksamen, godkjend legitimasjon for reise med buss eller hos andre aktørar som tilbyr studentrabatt.
Slik går du fram
- Gå til App Store eller Google Play for å laste ned PocketID sin mobilapplikasjon.
- Logg inn i mobilapplikasjonen med din FeideID.
- Bekreft eksisterande bilde av deg sjølv i applikasjonen eller ta eit nytt sjølvportrett.
- Du er no klar til å bruke PocketID sin mobilapplikasjon, med tilgang til Skolebevis og Bibliotekkort. Bildet er også tilgjengeleg for skoleadministrasjonen.
Treng du hjelp til PocketID?
Kontakt resepsjonen på skolen for brukarhjelp, endring av bilde, ved tekniske feil eller problem eller om du av ulike årsaker ikkje kan nytte deg av PocketID.
Ofte stilte spørsmål
Du loggar på med Feide. Kontakt resepsjonen om du har problem med pålogginga.
Når du har lasta opp nytt bilde eller stadfesta eksisterande bilde, vil dette vere låst. For å endre bildet må du ta kontakt med resepsjonen ved skolen.
Informasjonen er henta fra det skoleadministrative systemet og er ikkje mogleg å endre i appen. Ta kontakt med resepsjonen for å få gjort dette. Endringane vil visast i appen dagen etter.
Kontakt biblioteket på skolen for å få lagt inn bibliotekkode.
PocketID er legitimering av statusen din som elev. Du kan bruke det som legitimasjon i samband med eksamen og det er lånekortet ditt på skolebiblioteket. Du kan også bruke det når du skal reise med kollektivtransport og som legitimasjon hos andre bedrifter som gir deg rabattar. NB! Det er opp til kvar enkelt aktør om dei ønskjer å gi rabattar og eventuelt akseptere beviset.
Beviset vil dagleg oppdatere seg med statusen din. Inne i appen vil du i tillegg kunne teste gyldigheita ved hjelp av ein kontrollfunksjon.
Lysstyrken på mobilskjermen må stå på fullt for best resultat. Gå til innstillingar på telefonen og juster opp lysstyrken.