Bokskap

Ålesund videregående skole har nok bokskap til alle elevar i ulike storleikar. Her finn du informasjon om bokskapordninga til skolen.

Bilde av bokskap - Klikk for stort bileteBilde av bokskap

Bokskap lokalitet Fagerlia

Kontaktlærarane tildeler bokskap til klassen i nærleiken av baserommet første skoledag. Det kostar ingenting å låne eit bokskap. Dersom du ønskjer å byte bokskap, ta kontakt med kontaktlæraren din.

Du må sjølv ordne med lås til bokskapet. Skapa må tømmast ved slutten av skoleåret og hengjelåsa må fjernast. 

Bokskap lokalitet Volsdalsberga

På lokaliteten Volsdalsberga har vi to ulike typar bokskap. 

Bokskap med nøkkel

Bokskap med nøkkel blir tildelt i skolens resepsjon. Du må betale eit depositum på 100 kr i kontantar, før du får nøkkelen til skapet. Når nøkkelen blir returnert til resepsjonen ved skoleslutt, får du depositumet tilbake. 

Dersom du gløymer nøkkelen til bokskapet ditt, kan du låne ein reservenøkkel i resepsjonen.

Bokskap med hengjelås

Bokskap med hengjelås kan elevane låne fritt. Velg deg eit skap du vil ha, og sett på hengjelås. Du må sjølv ordne med lås til bokskapet. Skapa må tømmast ved slutten av skoleåret og hengjelåsa må fjernast.

Viktig informasjon

Skolen er ikkje ansvarleg for innbrot/tjuveri frå skapa. 
Det er ditt ansvar å ta med alle eigedelar heim frå skolen før skoleslutt. Skolen tek ikkje vare på innhald i bokskap som ikkje blir tømt før skoleslutt.