Lokal venteliste for skoleplass utanom ordinært inntak

Lokal venteliste er for deg som ikkje har søkt skoleplass i hovudopptaket, eller ønskjer å gjere omval. 

Slik går du fram

For å stå på venteliste hos oss må du fylle ut og sende inn skjema under.  

Skjema for studieførebuande utdanningsprogram 

Skjema for yrkesfaglege utdanningsprogram  

Svar på søknad

Elevar som får tilbod om skoleplass kan forvente å bli kontakta rundt skolestart i august. Dersom det framleis er ledig skoleplass etter at alle prioriterte søkjarar har fått tilbod, kan det vere aktuelt å ta inn søkjarar frå lokal venteliste. Elevar som får tilbod om skoleplass, blir kontakta av skolen.