Informasjon og tilbod om vaksine for vg2 elevar

Elevar på vg2 vil få tilbod om vaksinasjon mot smittsam hjertnehinnebetennelse. Vaksinasjonen vil skje på skolen i skoletida og her finn du informasjon om dato for vaksinering, pris og korleis du kan melde deg på.

Dato, pris og bestilling 

Pris er kr 430,- som betales med vipps på vaksinasjons dagen. 
Det er bindande påmelding innan 10. januar 2025. 

Her kan du bestille vaksinasjon.
Elevane må velje rett dag for skolen sin og bestille time hos helsesjukepleiar Janne Moa Akslen Sand.

Onsdag 5. februar 2025 er det vaksinasjon på Fagerlia.
Torsdag 6. februar 2025 er det vaksinasjon på Volsdalsberga.

Informasjon om vaksinen

Den vaksinen vi tilbyr vernar mot meningokokk serogruppe A, C, W og Y og heiter Nimenrix. Du må avklare med fastlegen din dersom du har helsemessige problemstillingar eller bruker medisinar og er usikker om du skal ta vaksinen.

Her finn du meir informasjon

Restvaksinasjon

Elevar som ikkje rakk å melde seg på innan fristen eller som ikkje har moglegheit på dei oppsetje datoane til skolen, får ny moglegheit måndag 24. mars 2025 på Moa helsehus. Det er bindande påmelding og påmeldingsfristen er onsdag 5. mars.

Her kan du bestille time til restvaksinasjon
Du må hugse å velje 24. mars og samtale med helsesjukepleiar, ikkje vel andre alternativ.