Oppmøte
Når du skal ta eksamen skal du møte ved eksamenslokalet seinast 30 minutt før eksamensstart. Rektor kan fastsetje anna frammøtetid.
Om du er sjuk på eksamensdagen, ta kontakt med skolen så snart som mogleg. Dersom du kan dokumentere årsaka til fråværet, for eksempel legeerklæring, har du rett til å gå opp til ny eksamen ved neste eksamensperiode. Fristen for å sende inn dokumentasjon er vanlegvis ei veke.
Legitimasjon
Du må vise gyldig legitimasjon med bilete før eksamen startar.
Forholda i eksamenslokalet
Du blir registrert og får utdelt passord og informasjon inne i eksamenslokalet. Du må ikkje forlate plassen eller byte plass utan løyve frå eksamensvakta. Vaktene har høve til å kontrollere at du berre har med hjelpemiddel som er lov å bruke ved eksamen.
Mobiltelefon skal vere slått av og ligge i veska eller hos vakta. Vesker o.l. skal leverast inn.
Du må kontrollere at du får utdelt rett eksamensoppgåve.
Du kan ikkje kommunisere med andre. Viss du ønskjer opplysningar, treng noko, eller ønskjer å forlate eksamenslokalet, må du vende deg til vakta.
Hovudtelefonar (headset) er tillatt, men hovudtelefonane kan ikkje ha innebygd sendar eller mottakar av trådlause signal (bluetooth). Hovudtelefonane må vere kopla til PC-en via kabel, ikkje trådlaus tilkopling. Dersom andre blir forstyrra av lyden frå hovudtelefonane dine kan vakta be deg om å skru ned volumet. Dersom reglane ikkje blir overhaldne, kan hovudtelefonane bli inndregne under eksamen.