Elevundersøkinga

Elevundersøkinga frå Udir kartlegg trivselen, læringa og skulemiljøet til elevane. Den er viktig fordi den gir skulen innsikt til å forbetre kvardagen til elevane.

Kva er formålet med Elevundersøkelsen?

Elevundersøkinga gir elevane høve til å seie kva dei meiner om læring og trivsel på skulen. Resultata frå undersøkinga blir lagra og blir brukte av skulen, skuleeigaren og dei statlege utdanningsstyresmaktene for å analysere og utvikle skule- og læringsmiljøet til elevane.
Resultat frå undersøkinga kan også bli brukte til forsking, statistikk og lagring i arkiv. 

Utdanningsdirektoratet publiserer statistikk frå Elevundersøkelsen på www.udir.no.

Korleis blir undersøkinga gjennomført?

Det er frivillig for elevane å svare på Elevundersøkelsen. Elevane kan også hoppe over spørsmål dei ikkje ønskjer å svare på.

Behandlingsansvar og personvern

Når elevane svarer på spørsmål i Elevundersøkelsen, blir det lagra personopplysningar om dei. Utdanningsdirektoratet er ansvarleg for at alle personopplysningane blir behandla i tråd med personvernregelverket.

Elevane oppgir ikkje namn, og det er ikkje knytt personnummer til svara. Når eleven har svart på undersøkinga, blir koplinga broten mellom påloggingskoden/-lenkja til eleven og det eleven har svart. Det er derfor vanskeleg å finne ut av kven som har svart kva i undersøkinga. I nokre få tilfelle (eksempelvis ved små skular), kan det likevel vere ein risiko for at nokon kan kjenne igjen kven som har svart kva. Derfor har Utdanningsdirektoratet svært strenge reglar for visning av resultat frå undersøkinga til skulen, skuleeigar og dei statlege utdanningsstyresmaktene. Resultat frå undersøkinga skal ikkje publiserast på ein måte som gjer det mogleg å kjenne igjen svaret til elevane. Svara blir oppbevarte så lenge det er nødvendig.

I dei tilfella Utdanningsdirektoratet leverer ut svara til forsking, må forskarane følgje reglane i direktoratet for behandling av personopplysningar og teieplikt, og dei må underskrive ein teielovnad.

Rettsleg grunnlag for behandling av personopplysningar

Det rettslege grunnlaget for behandling av personopplysningar i Elevundersøkelsen er personvernforordninga art. 6 nr. 1 bokstav e og art. 9 nr. 2 bokstav g, der det supplerande nasjonale rettslege grunnlaget er forskrift til opplæringslova § 19-3 og forskrift til privatskulelova § 13-3.

Elevane kan ikkje krevje innsyn i, retting i eller sletting av svara, fordi svara ikkje kan knytast direkte til eleven.

Rettsleg grunnlag for forsking, statistikk og lagring i arkiv er personvernforordninga art. 6 nr. 1 bokstav e og art. 9 nr. 2 bokstav j. Personopplysningsloven §§ 8 og 9 er det supplerande nasjonale rettsgrunnlaget.

Har du spørsmål?

For meir informasjon kan du ta kontakt med skulen eller Utdanningsdirektoratet.

Kontaktinformasjon til Utdanningsdirektoratet:
Telefon: +47 23 30 12 00
Send e-post


Du finn også mykje informasjon på www.udir.no/undersokelser
Spørsmål om personvern kan rettast til Utdanningsdirektoratets personvernombod på: personvernombud@udir.no

Datatilsynet er klageinstans for behandlinga av personopplysningar i Elevundersøkelsen. Her finn lese meir på Datatilsynet sine nettsider.