Er du forelder til elev under 18 år? Då er det viktig at du registrerer deg på skolestartsida så snart eleven din har takka ja til skoleplass i vigo.
Her kan du som føresett registrere deg.
Velkommen som forelder til elev i vidaregåande
Her er en samleside med nyttig informasjon til deg som forelder.
Informasjonsmøte
Foreldre blir invitert til foreldremøte i august/september.
Kvar haust blir foreldre og elev på vg1 og vg2 invitert til møte med kontaktlærar. Det er kontaktlærar som kallar inn.
Vurderingsplan
I vurderingsplanen finn du oversikt over elevane sine større vurderingssituasjonar gjennom eit heilt skoleår.
Her finn du vurderingsplanen til skolen.
Tilgang til og bruk av Visma inSchool
Tilgang til Visma inSchool gir deg som forelder høve til å vere oppdatert når det gjeld både vurdering og fråvær.
Med status foreldre registrert i Folkeregisteret får du automatisk tilgang til Visma InSchool når eleven er under 18 år. Foreldre loggar inn med ID-porten.
Innlogging til Visma InSchool for foreldre.
Samarbeid mellom heim og skole
God kommunikasjon og godt samarbeid mellom heim og skole bidreg positivt til elevane si læring og utvikling.
Har du faglege eller sosiale spørsmål om skolekvardagen: Vend deg alltid til kontaktlærar først. Ha ein låg terskel for å ta kontakt.
Her finn du oversikt over kven som er kontaktlærar for kvar klasse.
Les om samarbeid mellom heimen og skolen her
Samarbeid heim og skole etter fylte 18 år
Når eleven har fylt 18 år, har skolen teieplikt og foreldre har ikkje lenger tilgang til informasjon om eleven i VIS. I mange tilfelle vil det vere til elevens beste at skolen samarbeider med foreldre også etter at eleven er blitt myndig. For å gjere det, må eleven fylle ut samtykkeskjema.
Eleven må deretter gje tilgang til kontaktpersonen sin i Visma InSchool fra "Min profil" og “Kontaktpersontilgang”. Eleven kan endre og blokkere tilgangar som han eller ho vil.
Samtykkeskjema
Foreldre til elevar under 18 år skal ikkje fylle ut samtykkeskjema. Foreldre har automatisk tilgang. Manglar du tilgang må du vende seg til Folkeregisteret for å oppdatere foreldrestatusen din.
Elev under 18 år
- Elev under 18 år brukar skjemaet berre viss det skal givast samtykke til tilgang for andre omsorgspersonar enn foreldre, til dømes fosterforeldre. Då må både eleven og omsorgspersonen fylle ut og sende inn skjema for å gi sitt samtykke til registrering av personalia.
Elev over 18 år
- Elev over 18 år brukar skjemaet for å gi samtykke til tilgang for foreldre eller andre omsorgspersonar. Då må både eleven og omsorgspersonen fylle ut og sende inn skjema for å gi sitt samtykke til registrering av personalia.
Elev kan og bruke skjemaet for å trekke tilbake samtykke som er gitt.
Her finn du samtykkeskjema for samarbeid heim-skole
Skoleutvalet
I skoleutvalet sit representantar for foreldre, elevar, samfunns- og næringsliv, samt tilsette og leiing.
Her kan du lese meir om skoleutvalet sitt arbeid i skolen.