Studiespesialisering

Utdanningsprogrammet studiespesialisering gir det breiaste grunnlaget for høgare utdanning i inn- og utland. Her vil du kunne oppnå generell eller spesiell studiekompetanse. Har du spesielle draumar om framtida, bør du sjekke nøye kva for fagkombinasjonar som krevst før du vel programområde og programfag. Hos oss kan du velje mellom dei aller fleste programfaga og møte dyktige og engasjerte lærarar! 

Du vil få utfordringar og variasjon i læringa. Vi gjer deg klar for vidare studium.  

Hos oss kan du velje programfag frå realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi. Les meir om desse og fellesfaga på studiespesialisering på vigo.no.

Programområdet realfag

Studiespesialisering med fag frå programområdet realfag er eit godt val for deg som likar teoretiske fag og er interessert i problemstillingar og spørsmål knytt til natur og miljø, matematikk, teknologi, samfunn og fenomen i dagleglivet.

I realfaga blir det brukt kjend kunnskap til å beskrive og forstå nye fenomen og skape ny kunnskap. Fagkunnskap i matematikk, fysikk, kjemi, biologi, informasjonsteknologi eller teknologi gir grunnlag for å forstå praktiske situasjonar i kvardagen som er knytt til realfaga, samt viktige prosessar innan forsking, produktutvikling og produksjon i industri- og annan næringsverksemd. Realfagskunnskap gir også eit godt grunnlag til å vere med i avgjerder som påverkar samfunnsliv, natur og miljø.

Ved Ålesund vgs tilbyr vi studiespesialisering i programområdet realfag på Vg2 og Vg3. Du får generell og spesiell studiekompetanse og blir godt rusta til vidare fag- og yrkesutdanning. Programfaga i programområdet realfag gir ein god bakgrunn for utdanning til yrker som for eksempel veterinær, tannlege, lege, sjukepleiar, farmasøyt, ingeniør, lærar, økonom, og mykje meir. Mange av utdanningane krev også programfag i realfag ved studieopptak.

Du kan velje mellom dei aller fleste realfaga hos oss, og du kan også kombinere dei med programfag frå språk, samfunnsfag og økonomi.

Programområdet språk, samfunnsfag og økonomi

Studiespesialisering med programområdet språk, samfunnsfag og økonomi er eit godt val for deg som har interesse for teoretiske fag. Kanskje likar du å bli kjend med ulike språk og kulturar, ønsker å følge med i samfunns - og miljøspørsmål og har interesse for politikk og økonomi?

I språk-, samfunns- og økonomifaga lærer du mykje om korleis vi som individ kan forstå og påverke samfunnet og verda rundt oss. I ei verd som blir stadig mindre, er det viktig å kunne ulike språk og ha kjennskap til andre land sine kulturar, samfunnsstrukturar og tradisjonar.Fagkunnskap innanfor desse områda er viktig for å forstå korleis samfunna verkar, og det kan gjere oss betre i stand til å delta i disse prosessane og ta ansvar for korleis vi ønsker at vi menneske skal ha det.

Ved Ålesund vgs tilbyr vi studiespesialisering i programområdet språk-, samfunnsfag og økonomi på Vg2 og Vg3. Vi kan gi deg eit variert fagtilbod som gjer deg godt rusta til vidare fag- og yrkesutdanning. Fag innanfor dette programområdet gir god bakgrunn for yrker som for eksempel journalist, lærar, førskolelærer, sjukepleiar, politi, sosionom, barnevernspedagog, psykolog, advokat, økonom, samfunnsvitar, sosiolog, tolk, omsettar og mykje meir.

Du kan velje mellom dei aller fleste språk, samfunnsfag eller økonomifaga hos oss, og du kan også kombinere dei med programfag frå realfag.

 

Snarvegar

Kontakt