Idrettsfag

Idrettsfag går over tre år og fører fram til generell studiekompetanse. Du vel toppidrett eller breiddeidrett, i tillegg til at du får programfaga aktivitetslære, treningslære, treningsleiing og idrett og samfunn. Det betyr at du har mange timar med ulike idrettsfag alle tre åra. Ergo er dette eit tilbod for deg som er glad i idrett og trening, og interessert i teori om idrett.

Du lærer 

  • om fysisk aktivitet og trening
  • treningsleiing
  • om helse, kosthald og kroppens oppbygging
  • teoretiske fag

Du bør vere

  • interessert i helse og fysisk aktivitet
  • innstilt på trening kvar dag, i og utanfor skoletida
  • god i éin eller fleire idrettar
    Inntil halvparten av elevane på Vg1 kan bli tatt inn på grunnlag av opptaksprøve eller dokumenterte ferdigheiter.

Du oppnår

  • studiekompetanse og kan ta høgare utdanning

Dersom du tek høgare utdanning, kan du blant anna bli

  • fysioterapeut, idrettspsykolog eller personleg trenar
  • lærar, idrettskonsulent eller rådgjevar innan fysisk aktivitet og helse
  • leiar innan naturbasert friluftsliv og turisme
  • politi, befal eller offiser
    Du kan også utdanne deg til andre yrker – med generell studiekompetanse kan du søke dei fleste studium ved høgskolar og universitet.

Arbeidsstadar kan vere

  • skolar
  • treningssentre eller idrettsorganisasjonar
  • behandlingsinstitusjonar
  • militær- og politivesen

Opptak til høgare utdanning 

Med generell studiekompetanse kan du søkje dei fleste studium ved høgskolar og universitet. Men nokre studium har spesielle opptakskrav:

  • Opptaksprøver: Forsvaret og politihøgskolen har fysiske minstekrav. Med idrettsfag får du eit godt grunnlag for å gjennomføre fysiske testar.
  • Realfagskrav: Nokre studium krever at du har visse realfag. Eksempel på slike studium er ingeniør-, realfags- og medisinske studium. Du finn opptakskrava til høgskole- og universitetsstudium på samordnaopptak.no. På idrettsfag kan det vere vanskeleg å få plass på timeplanen til å velje alle dei realfaga du treng. Sjekk med skolen om vi kan tilby deg dei realfaga du ønsker å ta.

Val av fag i utdanningsprogram for idrettsfag

  • Tre programfag kan du velje sjølv, eitt på Vg1, eitt på Vg2 og eitt på Vg3.
    • Dei valfrie programfaga kan vere videre spesialisering innan idrettsfag og/eller fag frå eit anna programområde i studieførebuande utdanningsprogram (for eksempel realfag eller framandspråk).
    • Det er opp til skolen kva programfag som blir tilbydd.
    • Dersom du ikkje hadde framandspråk på ungdomstrinnet må du ta framandspråk som fellesfag på Vg3 i staden for det valfrie programfaget på Vg3.
  • Har du spesielle framtidsdraumar? Då bør du sjekke opptakskrava til studia, før du vel fag.
  • Programfag i framandspråk og realfag gir tilleggspoeng ved opptak til høgere utdanning.

Snarvegar

Kontakt