Mål og handlingsplan

Frå og med 1. august 2021 blei tidlegare Fagerlia vgs og tidlegare Ålesund vgs slått saman til éin stor skole. Den nye skolen fekk namnet Ålesund videregående skole.

Effektmåla - eit framtidsbilde

I samanslåingsprosessen blei det vedtatt desse effektmåla for den samanslåtte skolen:

  1. Ålesund vgs er ein attraktiv og relevant skole med eit stort mangfald av elevar innan eit breitt spekter av utdanningstilbod.
     
  2. Elevar og tilsette opplever tilhøyrsle, trivsel og meistring i læringsmiljø og arbeidsmiljø.​ Elevens gjennomføringsgrad er på topp nasjonalt nivå.
     
  3. Skolen er ein lærande og forskingsbasert organisasjon, fagleg og digitalt leiande, med sterke og innovative fagmiljø. Samarbeid og medverknad pregar alle nivå i organisasjonen.
     
  4. Elevens læring er kjenneteikna av relevans, engasjement og utforsking, i nært samarbeid med regionalt arbeids-, nærings- og kulturliv. 
     
  5. Skolen er ein tydeleg regional utviklar, og leverer relevant kompetanse for regionalt arbeidsliv og høgare utdanning.  Skolen er ein aktiv del av Campus Ålesund, med nære band til NTNU og Fagskolen i Ålesund.

Oppdraget: Inkludering, læring og livsmeistring

Opplæringslova § 1-1 handlar om føremålet med opplæringa, og er her gjengitt i sin heilskap:

"Opplæringa i skole og lærebedrift skal, i samarbeid og forståing med heimen, opne dører mot verda og framtida og gi elevane og lærlingane historisk og kulturell innsikt og forankring.

Opplæringa skal byggje på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfridom, nestekjærleik, tilgjeving, likeverd og solidaritet, verdiar som òg kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn og som er forankra i menneskerettane.

Opplæringa skal bidra til å utvide kjennskapen til og forståinga av den nasjonale kulturarven og vår felles internasjonale kulturtradisjon.

Opplæringa skal gi innsikt i kulturelt mangfald og vise respekt for den einskilde si overtyding. Ho skal fremje demokrati, likestilling og vitskapleg tenkjemåte.

Elevane og lærlingane skal utvikle kunnskap, dugleik og holdningar for å kunne meistre liva sine og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet. Dei skal få utfalde skaparglede, engasjement og utforskartrong.

Elevane og lærlingane skal lære å tenkje kritisk og handle etisk og miljøbevisst. Dei skal ha medansvar og rett til medverknad.

Skolen og lærebedrifta skal møte elevane og lærlingane med tillit, respekt og krav og gi dei utfordringar som fremjar danning og lærelyst. Alle former for diskriminering skal motarbeidast."

Visjonen: Ein tydeleg medspelar

Det er fylkeskommunen sin visjon at vi som jobbar her og vi som organisasjon skal vere tydelege medspelarar. Dette handlar både om profesjonalitet, kommunikasjon og samhandling. 

Visjonen er ei referanseramme for korleis vi vil vere og bli oppfatta av andre og korleis vi skal bygge ein sterkare felles identitet. I dette ligg det at vi skal stå fram einskapleg som ein regional utviklar, god tenesteleverandør og arbeidsgivar.

Vi skal vere tydelege medspelarar på vegne av fellesskapet i regionen, utviklingsorienterte og profesjonelle i alt vi gjer. 

Verdiane: Samarbeid og tillit

"Møre og Romsdal fylkeskommune er ein lærande organisasjon kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit." 

Verdigrunnlaget føreset at vi er opne ved å lytte, lære og dele, at vi er rause overfor kvarandre og opne for nye synsmåtar, at vi utvekslar kunnskap med andre og at vi involverer innbyggarar og samarbeidspartnarar i samband med vår oppgåveløysing.

Vi er avhengig av å oppnå psykologisk tryggleik for å kunne vere opne, bygge gode relasjonar og tillit. Tillit er eit resultat av måtane vi arbeider og samhandlar på, og dei resultata vi oppnår. 

Skolens handlingsplan

For å svare på oppdraget og utvikle Ålesund vgs i ønska retning har skolen vedtatt ein treåring handlingsplan for perioden 2023 til 2026. Denne er vedlagt.

Dokumenter

Kontakt

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.