Velkommen til å søke skoleplass
Ved Ålesund vgs følger vi spent med på søkinga. Her er mange ulike og spennande tilbod, og vi ser veldig fram til å fylle opp klassane med motiverte elevar frå heile regionen.
Fristen for å søke er 1. mars, men søkarar kan registrere og endre søknaden sin fram til denne datoen. Dette gjer du på vigo.no.
Rett til plass
Søkarar frå ungdomsskolen har rett til å få plass ved eitt av tre utdanningsprogram. Opplæringslova seier at ein skal søke tre utdanningsprogram til Vg1.
- Det er svært viktig at søkarar følger opp dette. Dersom du berre fører opp eitt utdanningsprogram og ein skole, kan du risikere at du blir vidaresøkt til eit skoletilbod som du kanskje ikkje ønsker å ta i mot, seier Kariann Dimmen Flovikholm, kompetansesjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Mykje å velge i
Ålesund vgs er den største vidaregåande skolen i Møre og Romsdal, med rundt 1550 elevar per i dag. Vi har tilbod både i Fagerlia (FL), på Volsdalsberga (VB) og Latinskolen (LS).
- Helse- og oppvekstfag (FL)
- Ambulansefag (Vg2)
- Barne- og ungdomsarbeidarfag (Vg2)
- Helsearbeidarfag (Vg2)
- Idrettsfag Vg1, Vg2, Vg3 (LS)
- Informasjonsteknologi og medieproduksjon (VB)
- Informasjonsteknologi (Vg2)
- Kunst, design og arkitektur Vg1, Vg2, Vg3 (FL)
- Musikk, dans og drama Vg1, Vg2, Vg3 (FL)
- Naturbruk (VB)
- Akvakultur (Vg2)
- Fiske og fangst (Vg2)
- Sal, service og reiseliv (VB)
- Sal og reiseliv (Vg 2)
- Service, sikkerheit og administrasjon (Vg2)
- Studiespesialisering Vg1, Vg2, Vg3 (FL/LS)
- Studiespesialisering ordinær
- Studiespesialisering forskar
- Studiespesialisering internasjonal
- Studiespesialisering toppidrett (4 år)
- Teknologi- og industrifag (FL)
- Maritime fag (Vg2)
- Matros
- Skipsmotormekanikarfaget
- Kjemiprosess (Vg2)
- Maritime fag (Vg2)
- Påbygging til generell studiekompetanse (LS)
- Individuell tilpassa opplæring (FL)
Finn ut meir
Les meir om dei ulike tilboda her:
Du kan også ta kontakt med skolen dersom du har spørsmål. Ring resepsjon på 71 28 15 00, så vil du bli sett i kontakt med den av oss som best kan svare på det som du lurer på. Du kan også sende e-post til alesund.vgs@mrfylke.no.