Tok oss med inn i eventyret og utfordra oss på sjølve livet

Sidan i haust har elevar og lærarar på Musikk, dans og drama og på Kunst, design og arkitektur jobba iherdig og målretta med å skape førestillinga Alice i Eventyrland. Sist veke var det endeleg klart for å vise fram resultatet. I løpet av fire dagar gjennomførte dei sju unike førestilllingar på Parken kulturhus. 

Skriv ut

Annakvart år går elevane på Musikk, dans og drama og Kunst, design og arkitektur saman om å setje opp ein storproduksjon. For to år sidan rakk dei akkurat å spele siste førestilling før vi gjekk i lock down. Det var derfor mykje spenning om det ville la seg gjere å gjennomføre denne gongen. Og for ei fantastisk sterk, vakker og viktig førestilling dette blei!

Koronaspøkelset

Det blei ekstra nervepirrande for involverte elevar og lærarar etter kvart som stadig fleire av aktørane testa positivt på korona. Mange fekk nye roller i løpet av dagane på Parken kulturhus, og det blei stadig tynnare i rekkene.

Likevel klarte dei på ufatteleg vis å gjennomføre på høgt nivå heilt til siste framføring laurdag. Elevane viste enorm fleksibilitet og evne til improvisasjon.

Nytt, unikt og aktuelt

Dei som kom til Parken for å sjå Alice i Eventyrland slik som dei kjenner historia frå før blei overraska. Her hadde nemleg elevane i lag med lærarane laga noko heilt unikt og aktuelt. Oppsetjinga er eit uttrykk for tida vi lever i, og den spesielle perioden som elevane har vore gjennom dei to siste åra.

Alle tekstane, dansane og scenene hadde dei utvikla sjølve, og dei hadde plukka ut og arrangert musikk som kunne passe inn i den store fortellinga. Det var gjennomgåande svært høgt nivå på skodespelarprestasjonar, dans, musikk, lyd, lys og koreografi. 

Kraftfullt og utfordrande

"Dette er ikkje eit jævla eventyrland", ropte skodespelarane frå dramalinja ut over salen i ei av dei siste scenene. I nesten to timar hadde publikum vore intenst opptatt av fortellingane, dansen og musikken, som på elegant vis hadde sirkla rundt Alice i Eventyrland. Plutseleg blei publikum utfordra direkte, og blikket vendt innover på liva våre. Lever vi? Gjer vi det verkeleg?

Å vere i prosess

Det å vere i prosess i eit kunstnarisk arbeid som dette utfordrar på mange plan: samskaping, stå i det ukjente, ikkje sjå kor ein skal, stole på kollektivet, utfordre seg sjølv, og til slutt sjå heilskapen. Alle som har deltatt må ha lært mykje.

Stor takk til elevar og lærarar for eit imponerande stykke arbeid og for store og gode opplevingar. Og ikkje minst, vi blei utfordra på kva liv det er vi lever.

 

 

Kontakt